Utløpt

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Nore Fusa barneskule
Stillingstittel
Undervisningsstilling ved Nore Fusa skule
Frist
26.10.2022..
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig vikariat i 100 % stilling frå snarast til 31.07.2023. Det kan bli mogeleg med forlenging.

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Bjørnafjorden kommune med ca. 25 000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover.

Arbeidsstad
Nore Fusa skule er ein fådelt skule med 41 elevar frå 1.-7. trinn og SFO-ordning for småtrinnet skuleåret 22/23. Skulen ligg på Holmefjord i Bjørnafjorden kommune. Skulebygget, som var nytt i 1995, ligg ved sjøen i bygda Holmefjord og har lyse og trivelege lokale. Alle undervisningsromma ligg på eitt plan og er knytt opp mot mediateket, som er det sentrale rommet i bygget. I 2018 vart det ferdig nytt påbygg med klasserom, kontor og arbeidsrom for lærarane.
Skulen ligg nær sjøen med kort veg til fjøra. Det er også fine skogsområde i nærleiken som vert nytta til undervisning og til turar.
Skulen har eit godt miljø for både elevar og tilsette, og ein arbeidsplass prega av godt humør, engasjement og høg kompetanse. Besøk gjerne skulen si facebook-side: https://www.facebook.com/norefusaskule  

Arbeidsoppgåver
Undervisning i fleire fag på barnetrinnet. Den som blir tilsett kan få oppgåve som kontaktlærar.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Det vil sei at du må kunne vise til både:
- godkjenning av utenlandsk høyere utdanning  
- godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Du må vere ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønskjer tilsette med erfaring, god fagleg kompetanse og vilje til å prøve ut nye arbeidsmetodar. Du må vere fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunne delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega
Skulen har behov for undervisningskompetanse innan dei fleste fag på barnetrinnet. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5641 Fusa
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

undervisning, barneskole, kontaktlærer, pedagogikk, utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Olav Aarvik
Telefon
98 80 45 90
Følg firma
483 følger dette firmaet

Rådhuset, Torggata 7, 5641 Fusa

Annonseinformasjon

FINN-kode 274965606
Sist endret 24. okt. 2022 12:03

Rapporter annonse