Utløpt

Me har ledige undervisningsstillingar

Arbeidsgiver
Skulane i Samnanger
Stillingstittel
Undervisningsstillingar i skulane
Frist
16.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Samnanger ungdomsskule har ledig:

  • 1 vikariat i 100 % stilling frå 21.11.2022 - 31.07.2023

Fagønsker: engelsk, naturfag, norsk, samfunnsfag, kroppsøving.

  • 1 fast stilling 80 % frå 01.01.2023

Fagønsker: kunst og håndverk, arbeidslivsfag, norsk, samfunnsfag og IKT

  • 1 vikariat 20 % stilling frå 01.01.2023 - 31.07.2023

Fagønsker: kunst og håndverk, arbeidslivsfag, norsk, samfunnsfag og IKT

Samnanger ungdomsskule (SUS) er ein MOT-skule med omlag 90 elevar.

 

Samnanger barneskule har ledig:

  • 1 vikariat i 50 % stilling frå snarast til 31.12.2022, med høve til forlenging

  • Me treng og ringevikarar me kan ringa til ved fråvær


Samnanger barneskule er ein skule med for tida 218 elevar.

 

Du må skriva i søknaden kva stilling/stillingar du søkjer på.

Skulane i Samnanger har som sitt motto ein god stad å vera og ein god stad å læra. Skulane har sterk fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål gjennom tidleg innsats og kjerneverdiar som inkluderande felleskap og godt samarbeid. Me er skular i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trives på arbeidsplassen sin.  Alle elevane har pc dei nyttar på skulen. AV-tavler i klasseromma gjev store moglegheiter til variasjon i undervisninga.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisa i faga i grunnskulen
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i tråd med opplæringslova og gjelande forskrift
  • Bidra til skulen si utvikling

Kvalifikasjonar:

Krav:

  • Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet
  • Politiattest. jfr. Opplæringslova § 10-9
  • God nynorsk framstilling

Ønsker:

  • Gode relasjons- og samarbeidsevner
  • Digital kompetanse og interesse for å utvikla skule digitalt
  • Pedagogisk utdanning er ei føremon, men søkjarar med relevant erfaring kan og verta vurdert
Personlege eigenskapar:
  •  God relasjonskompetane
  •  Tydeleg og omsorgsfull klasseleiing
  •  Evne til å arbeida systematisk og nøyaktig 
  •  God arbeidskapasitet og evne til å ta ansvar
  •  Serviceinnstilling og gode samarbeidsevner
  •  Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulane treng

Me tilbyr:

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Barnehageplass for tilsette sine born

Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Om arbeidsgiveren

Samnanger ungdomsskule er ein MOT-skule med omlag 90 elevar. Skulen har sterkt fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål.

Skulen ligg vakkert til og har nyare, funksjonelle og miljøvennlege bygg. Me har ca.210 elevar fordelt på to parallellar. Me har stort og variert uteområde. Skulen har arbeidd målretta med å vera ein leksebevisst skule. Me har eit stort og innhaldsrikt skulebibliotek, digitale tavler i alle klasserom og kort veg ut i naturen.

Sektor
Offentlig
Sted
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

Undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eli Kristin Berge
Telefon
56 58 99 85
Kontaktperson
Kurt Helge Pedersen
Telefon
56 58 99 61
Følg firma
32 følger dette firmaet

Tyssevegen 217, 5650 Tysse

Annonseinformasjon

FINN-kode 274908917
Sist endret 29. sep. 2022 09:43

Rapporter annonse