Utløpt

Vil du arbeide på skulen vår?

Arbeidsgiver
Leiknes skule
Stillingstittel
Lærarar - 80-100% fast og vikariat
Frist
10.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Kort om stillinga

Det vil vere ledig inntil 2 stillingar både fast stilling og vikariat, som faglærar på ulike trinn, 4.-7. klasse. 

Om Leiknes skule
Leiknes skule er ein nyrehabilitert og moderne fulldelt barneskule (1.-7. trinn). Skulen har 185 elevar og nær 30 tilsette. Skulen ligg langs Osterfjorden, 7 km køyring frå Knarvik. Skulen har spesielt fokus på arbeid med elevane sitt skulemiljø, leseopplæring og innføring av LK2020

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er undervisning på 4. - 7. trinn. Skulen treng lærarar som kan undervise i alle fag.
Jobben vil både innebera å samarbeida tett i klasse-team med fokus på eit inkluderande læringsmiljø med felles ansvar for gjennomføring av ordinær undervisning i klassane, intensiv opplæring og spesialundervisning.

Kompetanse

Godkjent utdanning ihht kompetanseforskrifta for tilsetjing på 1.-7. trinn.
Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT.

Ønskt kompetanse

Vi søkjer lærarar som:
- Er fagleg bevisst, godt førebudd og har planlagt undervisninga saman med profesjonsfellesskapet
- Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon
- Er synleg i skulen sine ulike møteplassar
- Bidrar til å utvikla skulen sitt positive arbeidsmiljø
- Har god kommunikasjon og er ein tydeleg og autoritativ klasseleiar
- Er opptatt av ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad
- Aktivt samarbeider med kollegaer og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbytte

Alver kommune har nynorsk som målform.

Vi tilbyr

 Lønn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Politiattest

 Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltreding.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

Om arbeidsgiveren

Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

Lærer, Undervisning, Barneskole, Grunnskole, Pedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Katrine Hopland
Telefon
92 84 86 56
Følg firma
412 følger dette firmaet

Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 274790405
Sist endret 12. okt. 2022 08:44

Rapporter annonse