Utløpt

Er du vår neste Ph.d.- koordinator?

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Ph.d.- koordinator (rådgjevar)
Frist
20.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)


Om stillingen:

Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig fast stilling som rådgjevar, med snarleg tiltreding. Stillinga ligg under studieadministrasjonen, og er knytt til forskarutdanninga, med eit administrativt ansvar for ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid, og den daglege oppfølginga av fakultetet sine ph.d.-kandidatar. Fakultetet har sitt eige ph.d.- program i kunstnarleg utviklingsarbeid, i tillegg til vitskaplege kandidatar innan musikkvitskap og musikkterapi, som er tatt opp i ph.d.- programmet til Det humanistiske fakultet.


Arbeidsoppgåver:
  • Administrativt ansvar for ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid
  • Oppfølging av alle fakultetets kunstnarlege og vitskaplege ph.d.-kandidatar gjennom heile ph.d.-løpet
  • Samarbeid om utarbeiding og vedlikehald av digital handbok for ph.d.-utdanninga ved KMD
  • Organisere, planleggje, og følgje opp midtvegsevalueringar, bedømming og disputasar
  • Følgje opp og assistere i gjennomføring av forskarutdanningsaktivitetar i dialog med studieadministrasjonen og fagleg leiing (kursprogram, kommunikasjon med kandidatar og rettleiarar samt registrering i FS)
  • Oppfølging av eksterne stipendiatar som er tatt opp til ph.d.-program eller kurs
  • Ansvar for ph.d.-informasjon på fakultetets heimeside
  • Ansvar for sakshandsaming og oppfølging av ph.d.-utdanninga i KMDs Utval for forskar- og forskarutdanning (UFF)
  • Representere KMD i UiBs fora for forskarutdanningskoordinatorar, organisert av FIA

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha utdanning på minimum masternivå
  • God kjennskap til arbeidsfeltet knytt til forskarutdanning, og røynsle frå universitets- og høgskulesystem og/eller offentleg verksemd
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • Erfaring med bruk av administrative system som FS og ephorte leggjast stor vekt på
  • Det er naudsynt med god administrativ IT- kompetanse
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt:
    • særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
    • organisasjonsforståing
    • systematisk arbeid og handtering av detaljar
    • initiativrik, fleksibel og sjølvstende
    • handtere tidspress og komplekse arbeidssituasjonar

Vi kan tilby:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø på eit fakultet i utvikling
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 63 - 70 (for tida kr 584 700 - 661 400) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til assisterande fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie (eli.hoie@uib.no , 95198327) eller studiesjef Hilde Skare (hilde.skare@uib.no, 90985628)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Koordinering,
Saksbehandler
Følg firma
920 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 274689913
Sist endret 27. sep. 2022 15:07

Rapporter annonse