Utløpt

Vil du jobbe med integrering?

Arbeidsgiver
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Stillingstittel
Rådgivar/seniorrådgivar
Frist
12.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med AID! Velkommen til våre sider!
Om stillinga

Ønsker du deg interessante og utfordrande oppgåver innanfor eit fagområde med høg politisk merksemd? 

Vi søker etter ein engasjert medarbeidar til fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar i Seksjon for budsjett- og busetting i Integreringsavdelinga. Avdelinga har ansvar for å utvikle og samordne regjeringa sin integreringspolitikk.

Du vil få utfordrande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom fag og politikk i eit hektisk og godt arbeidsmiljø. Arbeidet involverer samhandling med mange aktørar og blir gjort i nær dialog med den administrative og politiske leiinga i departementet.

Som medarbeidarar i departementet skal vi vere fagleg engasjerte, ta ansvar, vere gode lagspelarar og utvikle og forbetre.


Arbeidsoppgåver

Du vil særleg arbeide med busetting av flyktningar, inkludert overføringsflyktningar. Arbeidet omfattar mellom anna å:

  • gi faglege råd og innspel om busetting av flyktningar i politiske, økonomiske og administrative prosessar
  • lage avgjerdsgrunnlag og sette i verk vedtak
  • medverke til kunnskapsutvikling, greie ut om faglege spørsmål og utforme verkemiddel
  • medverke i koordinering av arbeidet med busetting av flyktningar, både internt og eksternt

Avdelinga er oppteken av å bruke ressursar på tvers. Andre arbeidsoppgåver innanfor avdelinga sitt ansvarsområde kan óg bli aktuelt.


Kva slags bakgrunn har du?

Du har:

  • relevant høgare utdanning på masternivå
  • kunnskap om integreringsspørsmål. Erfaring frå/kjennskap til arbeid med busetting av flyktningar er ein fordel
  • erfaring med utviklings- og utgreiingsarbeid
  • gjerne erfaring frå arbeid i departement eller direktorat 

Kven ser vi etter?

Vi legg vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:

  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • er analytisk, målretta, strukturert og nøyaktig
  • forvaltar kunnskap og handterer komplekse problemstillingar godt
  • har stor arbeidskapasitet og evne til å handtere korte fristar
  • er god på prosess og samordning
  • arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • viser initiativ og gjennomføringsevne

Kva får du hos oss?
  • Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegar. Vi legg vekt på å gi ansvar og tillit, men òg rettleiing i eit godt arbeidsfellesskap.
  • Du vil få nærleik til politisk leiing og politiske avgjerder.
  • Lønn vil ligge mellom 550.000 og 750.000 kroner avhengig av kvalifikasjonane dine. Er du særleg godt kvalifisert til stillinga, kan vi vurdere høgare lønn.
  • Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommartid og medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Du får også høve til å trene i arbeidstida.

Les dette før du søker
  • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
  • Arbeidsspråket er norsk.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Sigrid Bay på tlf. 901 86 847.


Om arbeidsgiveren

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inkluderingspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og tryggleik, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.

Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet.

Vi er om lag 230 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei presse- og kommunikasjonseining.

Integreringsavdelinga har ansvar for å utvikle og samordne regjeringa sin inkluderings- og integreringspolitikk. Avdelinga har mellom anna ansvar for busetting av flyktningar, kvalifisering av vaksne innvandrarar, mangfald i arbeidslivet, førebygge negativ sosial kontroll, statsborgarskap, tolking i offentleg sektor, sivilsamfunnets rolle på integreringsområdet, samt tilskot til kommunar og frivilligheitene.

Avdelinga har ansvar for etatsstyring av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), og gir oppdrag til Bufdir, HK-dir og UD.

Seksjon for budsjett og busetting

Seksjonen har ansvar for statsbudsjett, internadministrasjon, digitalisering, busetting av flyktningar, tilskot til kommunar og frivillige organisasjonar, overføringsflyktningar, internasjonalt arbeid,  forsking og analyse, frivilligheit og helsespørsmål.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Akersgata 64, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler,
Samfunnsviter
Følg firma
885 følger dette firmaet

Akersgata 64, 0180 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 274669039
Sist endret 27. sep. 2022 12:19

Rapporter annonse