Utløpt

Rådgjevar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
16.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vi treng din kunnskap og strategiske blikk for å skape gode løysingar for bemanning i sjukehuset for framtida. Vi håper at du har din styrke innan analyse og at du er god til å identifisere strategiske satsingsområder. Du vil få gode moglegheiter til å påverke utviklinga av fagområdet og forbetre tenestene som skal leverast.

Som rådgjevar i Seksjon for Bemanningsløysningar og tarifforhandlingar vil du bli ein del av Personal- og organisasjonsavdelinga. Avdelinga er eit av dei største kompetansemiljøa på Vestlandet innan personal og organisasjon, med over 70 medarbeidarar fordelt på fem seksjonar. Les meir om avdelinga her.

I vår seksjon er det viktig med kompetansedeling, her er det stor takhøgde og vi likar gode diskusjonar. Vi er åtte kollegaer som samarbeidar tett og utfyller kvarandre. Leiarane i sjukehuset ber oss om råd og støtte for å sjå samanheng mellom aktivitet, bemanningsplanlegging og utfordringsbildet dei møter. Viktige satsingsområder er optimalisering og bruk av ny teknologi.

Hos oss treng du ikkje å kunne alt, men du må være nysgjerrig og lærevillig. 

Arbeidsoppgåver

  • Rådgje og støtte leiarar i sjukehuset i planlegging og styring av bemanning 
  • Identifisere strategiske satsingsområder og arbeide systematisk med forbetringsarbeid for bemanning
  • Videreutvikle arbeidsmetodikk innan arbeidstid og bemanningsplanlegging
  • Analysere, tolke og bruke styringsdata i rådgjevingsarbeid
  • Deltaking i prosjekt knytt til planlegging av bemanning
  • Rådgje leiarar i lov- og avtaleverk knytt til arbeidstid 
  • Bidra til godt samarbeid mellom leiarar og tillitsvalde i sjukehuset 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning fortrinnsvis på masternivå, gjerne innan økonomi eller logistikk  
  • Erfaring frå analysearbeid og presentasjon
  • God kompetanse i bruk av IKT verktøy, til dømes excel
  • Fordel med erfaring frå prosjektdeltaking/prosjektleiing
  • Fordel med kjennskap til lov og avtaleverk innan arbeidstid
  • God til å omsetje analyser til råd og tiltak

Personlege eigenskapar

  • Du tenkjer heilskap og evnar å sjå komplekse samanhengar 
  • Du er god til å kommunisere og formidle til ulike målgrupper
  • Du har evne til å bygge relasjonar og gode samarbeidsforhold                                                                      
  • Du jobbar sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Du evner å balansere mellom detaljfokusering og overordna perspektiv                                                                 

Vi tilbyr

  • Ei viktig rolle med spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 73, 5053 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Analyse,
Rådgivning

Nøkkelord

Analyse,, Bemanning,, Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole-Daniel Virkesdal
Stillingstittel
Forhandlingssjef
Telefon
94 50 08 20
Følg firma
2253 følger dette firmaet

Jonas Lies vei 73, 5053 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 274644666
Sist endret 27. sep. 2022 09:09

Rapporter annonse