Utløpt

Rådgjevar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
11.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune skal gi ungdom og vaksne ei vidaregåande opplæring med høg kvalitet. Den vidaregåande opplæringa skal bidra til berekraftig forvaltning av ressursar og til gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde gjennom mellom anna eit breitt og likeverdig opplæringstilbod. Gjennom "Fullføringsreformen - med åpne dører til verden og fremtiden" har regjeringen som mål at ni av ti skal fullføre og bestå videregående opplæring i 2030.  

Opplærings- og kompetansesektoren har om lag 5000 tilsette. Vi har m.a. 44 vidaregåande skular, fagskule, produksjonsskule, folkehøgskule og seks rettleiingstenester. Samla gir vi tilbod om opplæring i skule og bedrift til om lag 30 000 ungdom og vaksne.

Fylkestinget i Vestland har vedteke Mål og strategiar for vidaregåande opplæring, "Fornye og Forbetre - Auka gjennomføring, 2021-2025" med mål om at elevar og lærlingar skal ha det beste opplæringstilbodet. 

Har du lyst til å vere med å vidareutvikle vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune?

Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse har to ledige rådgjevarstillingar ved seksjon for kvalitet i opplæringa. Seksjonen har ansvar for kvalitetstrygging og kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring.  

Arbeidsoppgåver

Dei to stillingane skal til saman dekke arbeidsoppgåver innan:

  • Oppfølging av ulike område innanfor tilpassa opplæring 
  • Politisk skuleval
  • Plan- og utgreiingsarbeid, sakshandsaming
  • Politisk saksførebuing
  • Kvalitetsutvikling og kvalitetsoppfølging
  • Samhandling med rettleiingstenesta (OT/PPT/Opplæring i bedrift), dei vidaregåande skulane og eksterne samarbeidspartar
  • Samhandling på tvers av seksjonar og avdelingar i fylkeskommunen
  • Andre oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå. 
    Kravet om mastergrad kan fråvikast ved annan relevant kompetanse eller erfaring. Stillinga kan då bli plassert i anna stillingsnemning.  
  • God kompetanse på digitale arbeidsverktøy
  • Kjennskap til vidaregåande opplæring
  • Relevant praksis
  • Kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvalting  
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Nytte nynorsk i skriftleg kommunikasjon og utreiingsarbeid
  • God  forståing for statistikk og analyse 

Personlege eigenskapar

  • Ein positiv bidragsytar som fremjar eit godt arbeidsmiljø
  • Gode samarbeidsevner
  • initiativrik
  • Lærevillig, utviklingsorientert og har evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • Analytisk og god systemforståing
  • Sjølvstendig og har evne til å løyse problemstillingar i team.
  • Legg vekt på god struktur- og prosesskvalitet i arbeidet. 

Vi tilbyr

  • Vi kan tilby eit spennande og breitt fagleg fellesskap.
  • Samarbeid i team og på tvers av avdelingar
  • Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
  • Digital samhandling i eit fagfellesskap som har fleire kontorstadar
  • Fast tilsetjing i Vestland fylkeskommune
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Andre kommentarar til stillingane:

  • Begge stillingane har kontorstad på Leikanger
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført  på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler

Nøkkelord

Rådgjevar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Astrid Synnøve Hjellbakk
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
95 11 97 53
Kontaktperson
Aase Bruntveit Njøs
Stillingstittel
fagleiar kvalitetstrygging
Telefon
41 56 34 48
Kontaktperson
Sissel Brusegård
Stillingstittel
fagleiar kvalitetsutvikling
Telefon
40 52 44 64
Følg firma
1075 følger dette firmaet

6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 274638864
Sist endret 27. sep. 2022 07:58

Rapporter annonse