Utløpt

Diakon

Arbeidsgiver
Stavanger kirkelige fellesråd
Stillingstittel
Diakon
Frist
04.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Kyrkja i Finnøy kommunedel har for første gong fått tildelt ein 100 % stilling som diakon, og nå søker me etter deg som er engasjert i kyrkja si omsorgsteneste.

I Finnøy er det kyrkje på Fogn, Finnøy, Ombo, Sjernarøyane og Talgje. På Halsnøy brukes bedehuset til kyrkjelege handlingar. Staben sitt kontor er lokalisert på Judaberg.

Me vil vere ei kyrkje som gir næring til kristen tru og teneste for kvarandre. Diakonien er kyrkja si omsorgsteneste vist gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd. Arbeidsoppgåvene er knytta til aktiviteter som formiddagstreff på fleire av øyane og Open hall, som er eit tilbud på Finnøy for ungdom frå 8. klasse og oppover, samtale og sjelesorgtilbod, sorgarbeid med meir.  Den som blir tilsett er leiar av kyrkja si diakoniteneste i Finnøy og har innflytelse på sin eigen arbeidskvardag.

Kyrkja i Finnøy har 2 soknepreststillingar, trusopplærarstilling, ein utadretta stilling og kantorstillingar i tillegg til lokale stillingar som klokkar og kyrkjetenar rundt om på øyane. Dagleg leiar er nærmaste leiar for diakonen og andre ansatte i Fellesrådet.

Kyrkja har tilbud til barn, unge og vaksne som kan videreutviklast. Det er godt samarbeid med skular, barnehagar, institusjonar og organisasjonar i lokalmiljøet. Det er i tillegg nært samarbeid med Finnøy Frivilligsentral og Biblioteket som også er lokalisert nært kyrkjekontoret.  

Sidan 1. jan. 2020 har Finnøy vore ein kommunedel i Stavanger med om lag 3300 innbyggjerar fordelt på fleire øyar, den største øya er Finnøy. Her ligg Finnøy sjukeheim, Fåtunet bufellesskap og Arak Arbeids – og rehabiliteringssenter.  Det er barneskule 1. – 7. kl  på øyane Fogn, Ombo og Sjernarøyane i tillegg til at det på Finnøy er 1. – 10. skule. Det er barnehagetilbud på Fogn, Finnøy, Halsnøy, Ombo, Sjernarøyane og Talgje.

Øyane våre ligg ca 30 – 50 min med hurtigbåt frå Stavanger og det er landfast med tunnel til Finnøy og Talgje. Det er både ferje og hurtigbåtsamband frå Judaberg til dei andre øyane. Det er godt tilrettelagt for turar på alle øyane og det finns mykje frivillig engasjement i kommunedelen. 

Det ligg godt til rette for sykling, turgåing og båtliv på øyane våre, og det finns mykje frivillig engasjement i kommunedelen.

Her kan du lese mer om arbeidet i kyrkja på Finnøy: https://www.finnoykyrkja.no/

Arbeidsoppgåver

  • Leie og administrere det diakonale arbeidet på øyane våre
  • Bygge relasjonar og vise omsorg for enkeltmenneske  både i institusjonar og heime
  • Samtaler og sjelesorg
  • Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeiderar
  • Samarbeid med offentlege institusjonar og frivillige organisasjonar
  • Gjere seg kjent med øyane gjennom gudstenestefellesskapet og andre møteplasser
  • Liturgiske oppgåver i enkelte gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Legge til rette for at menneske som ikkje kan komme til gudstenester  har tilbud om fellesskap og kyrkjelege handlingar 
  • Delta i diakonale fellesskap som gir fagleg påfyll
  • Vere ein del av det lokale krisetilbudet
  • Økumenisk samarbeid
  • Delta i det lokale diakoniutvalg

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som diakon i samsvar med tenesteordninga. Annan utdanning innanfor fagfelt som helse, oppvekst eller sosialfag kan vurderast. Det forventast at master i diakoni tas som deltidsstudier, og det blir lagt til rette for av arbeidsgjevar
  • For utdanna diakonar kreves biskopen sin vigsling etter tenesteordning
  • Godt forankra rolleforståing i kyrkja sitt diakonale arbeid.  

Personlege egenskaper

  • Evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Imøtekomande, sjå muligheter og vere løysningsorientert.
  • Glad i mennesker, evne og vilje til å bli engasjert og engasjere andre
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom stab og frivillige
  • God kommunikasjon med barn, unge, vaksne og eldre i ulike livssituasjonar
  • Føre dialog med og samarbeide på tvers av religiøse, etniske og politiske skillelinjer.
  • Vidareutvikle allereie eksisterande arbeid og samstundes ha visjonar for framtida
  • Meg legg vekt på at den som blir tilsett er personleg egna og motivert for stillingen

Vi tilbyr

  • Nyoppretta stilling med variasjon og faglege utfordringar
  • Den som blir tilsett får sette sitt preg på det diakonale arbeidet
  • Triveleg arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Ein stab kor me bruker kvarandre sine sterke sider på tvers av stillingskategorier
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn etter avtaleverket for kyrkjeleg sektor (KA)
  • Gode forsikrings – og pensjonsordningar, pliktig medlemskap i KLP med 2 % trekk i brutto lønn

 

Andre opplysninger

  • Noko kvelds – og helgearbeid på påreknast
  • Søker må vere medlem av Den norske Kyrkje
  • Tilfredsstillande politiattest må framleggast før tilsetting i hht Trossamfunnsloven § 20
  • Ved tilsetting blir ein ansatt i Stavanger krk fellesråd, med arbeidsstad for tida Kyrkja i Finnøy
Sektor
Offentlig
Sted
Hagatunet 4, 4160 Finnøy
Bransje
Kirke og menighet,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Menighetsarbeid,
Omsorg og sosialt arbeid,
Sosionom

Nøkkelord

byøene, omsorgsarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Heidi Bø Sangedal
Stillingstittel
Daglig leder
Telefon
47 01 09 09
Kontaktperson
Olaug Mestad Slettbakk
Stillingstittel
Personalkonsulent
Telefon
93 65 92 96
Følg firma
67 følger dette firmaet

Hagatunet 4, 4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 274504240
Sist endret 26. sep. 2022 08:18

Rapporter annonse