Utløpt

Er du sjukepleiar og ønskjer fast stilling på ein av Vestlandets største og viktigste arbeidsplass?

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Ledige faste stillingar sjukepleiar - Felles utlysing for Somatiske avdelingar
Frist
14.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønskjer å jobbe ved ein av Vestlandets største og viktigste arbeidsplass
Vi har ledig 100% faste stillingar på ulike somatiske einingar for sjukepleiarar både med og utan erfaring ved desse klinikkane/avdelingane: 

Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabiliteringSeksjon for infeksjonssjukdommar * Medisinsk undersøkingsavdeling * Nyføddintensiv * Kirurgisk klinikk post 4 * Bemanningssenteret

Oppgje i søknaden kva stilling(ar) du søkjer og prioritert rekkjefølgje.

Det er ein fordel om du:

  • har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Du har:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • meistrer norsk skriftleg og munnleg
  • Krav til erfaring vil vere beskrevet for den enkelte stillinga i annonsen dersom krevd

Vi tilbyr deg:

  • 3 delt turnus med kvar 3 helg
  • ein arbeidsplass med høg fagleg standard
  • eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
  • lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar

Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.

Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærheten til Lagunen Storsenter. 

Vi utgreier og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. På Nordås er det 33 døgnplassar, og dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Som sjukepleiar her får du arbeide helhetlig både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper.
Vi har regional funksjon for traumatisk hovudskade-rehabilitering og nasjonal funksjon for brannskade-rehabilitering. Vi er tyngdepunktet for spesialisert rehabilitering i Helse Bergen. I tillegg samarbeider vi med andre aktuelle einingar i spesialisthelsetenesta og med førstelinjetenesta. Les meir om våre sengepostar: AFMR

Avdelingane har todelt turnus og eigne nattevakter. Arbeidsoppgåvane vil vere klinisk sjukepleie til pasientar med til dømes nevrologiske lidingar, amputasjonar, brannskade, multitraume mfl. Tverrfagleg samhandling i team/ medansvar for tverrfaglege behandlingsplanar. Tett oppfølging av rehabiliteringsprosessen og nært samarbeid med pasient og pårørande. Som ansatt vil du få introduksjon og oppfølging av erfaren kollega, strukturert opplæring med trinnvis oppbygging av kompetanse
Eit triveleg, engasjert og aktivt miljø med fokus på kompetanseheving med m.a. klinikkens dag, studiedagar og fagdagar
Moglegheit for fagleg utvikling. Fokus på trening og aktuelle caser ved hjelp av simulering/ferdighetstrening med eigne fasilitatorar
Kontakt: Anja Jordal, Tlf 55918425/90217424

________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Medisinsk klinikk er ei stor seksjonert eining som har ansvar for diagnostikk og behandling av pasientar med indremedisinsk sjukdom. Klinikken har seksjonar for blodsjukdommar, hormonsjukdommar, infeksjonssjukdommar, fordøyingssjukdommar og nyresjukdommar. Kvar seksjon driv døgnopne sengepostar i tillegg til dagbehandling og poliklinikk. Klinikken driv og med forsking, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande. Vi har ledig stillingar ved disse seksjonene:

Seksjon for infeksjonssjukdommar
Hovudstilling på post 5 vest, deler av stillinga er fellesvakter i medisinsk klinikk. Fellesvaktene brukast til å dekkje akutt fråvære, kurs, hospitering og fagutvikling. Vi ønskjer oss ein dyktig sjukepleiarkollega som er positiv og engasjert, opptatt av fagleg utvikling, trivast i eit aktivt miljø og genuint opptatt av pasientens beste. Stillinga er pt i tredelt turnus. Tiltredelse i stillinga i mars 2023 eller etter nærare avtale. 
Kontakt: Hege Cecilie Sørbye, Tlf 98662422

_________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Medisinsk undersøkingsavdeling
Ved medisinsk undersøkingsavdeling blir det utført ulike endoskopiske prosedyrar som gastroskopi, kolonoskopi, endoskopisk ultralyd og ERCP. I tillegg tilbys ultralyd, trykkmåling i spiserør og ulike sjukepleiardrivne polikliniske konsultasjonar. Medisinsk undersøking har heimeevaktordning etter ordinær arbeidstid slik at det alltid er 2 sjukepleiarar som har heimevakt og kan tilkallast ved behov for akutte undersøkingar.
Vi søkjer etter sjukepleiar til 100% stilling der 80% er tilknytta medisinsk undersøking og 20% er tilknytta fellesvakter i medisinsk klinikk. Vidareutdanning i gastrosjukepleie er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Det er ønskje at søkjarar har minimum 2 års erfaring som sjukepleiar.
Arbeidstid er i hovudsak dagtid. Vanleg arbeidstid er frå 07.30-15.30. Heimevaktsordning med heimevakter helg ca kvar 7-8 veke, ellers ca 3 vekedagar i mnd. Tiltredelse 30.11.2022 eller etter nærare avtale.
Kontakt: Roy Cato Solheim,  Tlf 99548003

________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Barne- og ungdomsklinikken ligg i Marie Joy's Hus og er landets nest største barneavdeling med aktivitetsområde som dekkjer alle felt av pediatrien. Barne- og ungdomsklinikken har 67 senger og 262 årsverk, og siste år var det rundt 5000 innleggingar og 26.000 polikliniske konsultasjonar ved klinikken. Barne- og ungdomsklinikken er organisert i åtte einingar - Nyføddintensiv, Medisin 3, Medisin 4, Eining for Barnekirurgi, Eining for legar, Eining for merkantile tenester og Eining for habilitering.

Nyføddintensiv søkjer sjukepleiarar. Vi har ledig fast 100% stilling, pt. i tredelt turnus. Nyføddintensiv har 16 senger, både intermediærsenger og intensivsenger.
Nytt bygg som skal ivareta alle pasientar under 18 år, samt mor/barn i samband med fødsel er under bygging. Dette vil gi nye moglegheiter og spennande utfordringar for framtida. Arbeidstid med 3 delt turnus med tredje kvar helg. Tiltredelse 01.01.2023 eller etter nærare avtale
Kontakt: Anne-Siri Fonneland, Tlf 55975218

_________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Kirurgisk Post 4 er ein sengepost med 22 senger fordelt på to fagfelt:
Avdeling for Plastikkirurgi: 11 senger. behandler pasienter med behov for plastikkirurgi i det offentlege, som til dømes rekonstruksjonar etter sjukdom/ulykke. Avdelinga er også avlastingsavdeling for Brannskadeavdelinga og har til ein kvar tid brannskadepasientar inneliggjande. Les meir: kirurgisk-klinikk/plastikkirurgi-og-brannskade
Avdeling for Karkirugi: 11 senger, behandlar pasienter med sjukdom i blodåresystemet, som til dømes utposingar og forsnevringar. Les meir: kirurgisk-klinikk/karkirurgi

Som sjukepleiar ved avdelinga vil du gå inn i et tverrfagleg team. Du vil jobbe i hovudsak på ein av faggruppene, men det er forventa at ein jobbar på tvers på sikt.
Typiske arbeidsoppgåver er: * Pre og postoperativ pleie * Ivaretaking av pasient og pårørande * Sårbehandling * Samhandling med kommune/andre helseinstitusjonar
Vi ser etter deg som trivast i ein travel kirurgisk sengepost med fleire fagfelt og varierte arbeidsdagar.

100% fast stilling med 3-delt turnus med arbeid 3-hver helg. Søkjar vil i hovudsak jobbe på Plastikkirurgisk gruppe, med faste dagar i turnus med arbeidsstad Brannskade-avsnittet. Tiltredelse 02.01.2023 eller etter nærare avtale
Kontakt: Siri Erstad, Tlf 91752555
________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Bemanningssenteret

Vi har ledige stillingar og er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss vil du få moglegheit til å jobbe på eit begrensa tal av avdelingar, og moglegheit til å lage din eigen årsturnus. Vi har fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet. Velkommen på laget :) 
Kontakt: Linda Greve Iversen, Tlf 97198664 eller Mari Pedersen, Tlf. 93878352

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
8
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Sykepleier / Barn/nyfødt

Nøkkelord

Sjukepleiar,, sykepleier,, 100%,, fast, stilling,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sjå kontaktperson pr eining ved spørsmål om dei enkelte stillingar
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 274203656
Sist endret 6. okt. 2022 15:16

Rapporter annonse