Utløpt

IT-prosjektleder

Arbeidsgiver
Høgskolen i Østfold
Stillingstittel
IT-prosjektleder
Frist
09.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Høgskolen i Østfold
Om stillinga

Vil du vere med på å vidareutvikle Høgskolen i Østfold? Høgskolen i Østfold skal fortsette digitaliseringa og forbetringa av fleire store tenester innanfor økonomi, saksbehandling, HR og IT dei komande åra for å stø opp om administrasjon, forsking og undervisning på best mogleg måte.

Vi søkjer etter deg som er fagleg sterk og trivst med å vere ansvarleg for gjennomføring av større digitaliseringsprosjekt og utviklingsarbeid på høgskolen.  

Hovudarbeidsstad for denne stillinga er Halden, men du vil også kunne hjelpe til ved høgskolen sin studiestad i Fredrikstad. Stillinga er plassert i avdelinga for IKT og rapporterer til IKT-direktør.  


Arbeidsoppgåver

Ansvars- og arbeidsområda dine vil i hovudsak vere å planleggje og leie innførings- og utviklingsprosjekt for å støtte administrasjon, forsking og utdanning.


Kvalifikasjonskrav

For tilsetjing i stillinga må du ha

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskole, minimum tilsvarande masternivå. Bachelorutdanning med spisskompetanse eller realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere utdanningskravet.
  • dokumentert erfaring som prosjektleiar, gjerne med fokus på IT-prosjekt
  • god teknisk forståing
  • god kjennskap til prosjektrammeverk basert på kjende metodar og standardar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk og engelsk

I tillegg er det ønskjeleg med

  • erfaring med risikovurderingar
  • god kjennskap til anskaffingsprosessar og avtalar
  • erfaring med endring og innføring av nye tenester i større organisasjonar 
  • kunnskap om universell utforming
  • grunnleggjande kjennskap til personvern og GDPR

Den nye medarbeidaren vår

  • tar eit heilskapleg ansvar
  • er ein pådrivar i utviklingsarbeid
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har evne til å setje seg inn i komplekse problemstillingar, og formidlar desse på ein enkel og oversiktleg måte

Vi tilbyr
  • løn i stilling som prosjektleiar 1113 (kr 600 000 - 700 000). For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. Lønsinnplassering avhenger av kompetansen din og erfaringa du har, og ei marknadsmessig vurdering.
  • gode forsikringsordningar, pensjons- og lånemoglegheiter i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • positivt og utviklande arbeidsmiljø

Spørsmål om stillinga

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om stillinga:

  • IKT-direktør Jørgen Henrik Hovde Grønlund
    e-post: jorgen.gronlund@hiof.no
    tlf: +47 696 08 085; +47 988 31 832
  • HR-partnar Laura Bakke Lillegård
    e-post: laura.b.lillegard@hiof.no
    tlf: +47 696 08 024

Innsending av søknad

Du sender inn søknaden din via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge. Søknaden må innehalde CV, aktuelle vitnemål og attestar.

All vedlagd dokumentasjon skal vere på norsk, skandinavisk eller engelsk.

Vi praktiserer meiroffentlegheit i staten. Om du ønskjer konfidensiell behandling av søknaden, gjer vi merksame på at opplysningar om deg likevel kan gjerast kjende. Du vil då få informasjon om dette, jf. § 25 i Offentleglova.


Positiv særbehandling i staten

Høgskolen i Østfold praktiserer eit inkluderande arbeidsliv og følgjer opp inkluderingsdugnaden til regjeringa. Det betyr at vi ønskjer velkomen kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ei samanhengande yrkeskarriere.

Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav.

Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.

Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen om du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.


Om arbeidsgiveren

Høgskolen i Østfold er ein statleg høgskole med rundt 7800 studentar og 620 tilsette. Fagmiljøa til høgskolen er organiserte i tre større fakultet: Fakultet for helse, velferd og organisasjon, Fakultet for lærarutdanningar og språk, og Fakultet for informasjonsteknologi, ingeniørfag og økonomi. Vi er lokaliserte i Fredrikstad og Halden og har ein brei studieportefølje som spenner frå profesjonsutdanningar til kunstutdanningar, både på bachelor- og masternivå.

Høgskolen er i positiv vekst og har ein ambisiøs strategi for framtida, under dette å etablere eit tverrfagleg doktorgradsprogram Digitalisering og samfunn , å levere framifrå samfunnsrelevante utdanningar, og å styrke samhandling med nærings- og samfunnsliv - både i utdanning og forsking.

Kjernen i verksemda til høgskolen er å gje studentar tilgang til framifrå samfunnsrelevante og profesjonsretta studiar.

Vi skal sikre at studentane får eit stort læringsutbyte og er klare for eit arbeidsliv med raske omstillingar, både gjennom å ha fokus på kvalitet, satse på teknologi, infrastruktur og nye undervisingsmetodar. Studentane skal også oppleve nær samanheng mellom teoretisk kunnskap, yrkesfelt og samfunnsbehov, og høgskolen skal difor styrke det strategiske og forpliktande samarbeidet sitt med arbeidslivet.

Sjølv om vi har sterk regional forankring, er utdanninga vår i aukande grad prega av eit internasjonalt engasjement. Det er eit uttalt mål å styrke utdanningssamarbeidet med utvalde nasjonale og internasjonale utdanningsinstitusjonar.


Vi søker deg som brenn for å utvikle Høgskolen i Østfold og ønskjer å byggje ein attraktiv, kompetent og utviklingsorientert høgskole.

 

Sektor
Offentlig
Sted
BRA veien 4, 1757 Halden
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
IT utvikling / occupation_itdevelop,
IT utvikling / IT-sikkerhet,
Prosjektledelse
Følg firma
557 følger dette firmaet

BRA veien 4, 1757 Halden

Annonseinformasjon

FINN-kode 274128739
Sist endret 23. sep. 2022 13:18

Rapporter annonse