Utløpt

Rådgjevar byggjesak

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
Rådgjevar byggjesak
Frist
07.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Er du klar for å søkje arbeid i vakre omgjevnader tett på fjellheimen?

Planavdelinga i Bykle kommune har det travelt!  Vil du vere med på laget som byggjesaksrådgjevar? Som rådgjevar vil du vere sentral i arbeid med sakshandsaming og tilsyn etter plan og bygningslova. Du vil og få delta i tverrfagleg miljø i relaterte saksfelt. I tillegg får du fjelluft kvar dag!. 

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming og oppfølging av  byggjesaker
  • Publikumskontakt - rettleiing av søkjarar og partar i saker etter etter plan- og bygningslova
  • Førebuing og deltaking i politiske møte ved behov
  • Dispensasjonssaker i regulerte område
  • Tilsyn – byggjesaker
  • Tverrfagleg samarbeid i planavdelinga og med teknisk -drift og eigedom og andre
  • Deltaking i andre arbeidsoppgåver, prosjekt eller sakshandsaming som ligg til eininga
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • 3 år byggfagleg ingeniørutdanning eller annen relevant utdanning frå fagskule/høgskule eller universitet
  • God kjennskap til plan- og bygningslova
  • Røysle frå kommunal forvaltning /plan - og byggesaksfeltet er ønskjeleg
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
  • God IT- kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt
  • Må kunne arbeide sjølvstendig, og ha evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • Uttrykkjer deg lett og godt både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad 

Krav om politiattest ved tilsetjing
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
 
Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar.

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det
er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og
Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter.
Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule.
Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt
utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden. 

Sektor
Offentlig
Sted
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Stillingsfunksjon
Ingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Signe Sollien Haugå
Stillingstittel
Plansjef
Telefon
48 23 73 00
Følg firma
47 følger dette firmaet

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 274096845
Sist endret 23. sep. 2022 08:56

Rapporter annonse