Langtidsvikariat som matros ved sambandet Skjersholmane- Ranavik, MF Hillefjord

Arbeidsgiver
Fjord1 AS
Stillingstittel
Langtidsvikariat som Matros i sambandet Skjersholmane- Ranavik
Frist
07.10.2022
Ansettelsesform
Vikariat

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som matros i sambandet Skjersholmane - Ranavik, ved MF Hillefjord. 

Oppstart vil være snarest mulig, og vi ansetter fortløpende. Vikariatet går over en 6 mnd periode, med muligheter for forlengelse.

 

Skiftordning: 1 veke på, 2 veker av

 

Flott jobb å kombinere med fritid og familie!


Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Godt humør
  • Evne til å arbeide tett med mennesker over tid
  • God til å kommunisere
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund
  • Skiftordning: Døgnskift, 3 veker på og 3 veker av.
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar

Om arbeidsgiveren

Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.



Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.



Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.



Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Sektor
Privat
Sted
5455 Halsnøy kloster

Nøkkelord

Matros;fjord1;ferge;vikariat

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Maren Djuve
Stillingstittel
Bemanningskoordinator
Følg firma
167 følger dette firmaet

5455 Halsnøy kloster

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 274019704
Sist endret 23. sep. 2022 08:14

Rapporter annonse