Me har store ambisjonar og er på jakt etter ein elektroinstallatør som blir sentral i den vidare veksten
- Arbeidsgiver
- PROXIMA HYDROTECH AS
- Stillingstittel
- Elektroinstallatør
- Frist
- Snarest
- Ansettelsesform
- Fast
Me er eit ungt selskap i vekst, og opplever stadig ein aukande etterspurnad etter våre tenester. For å komplettere ein allereie velfungerande arbeidsstokk er me på utkikk etter ein pålitelege, engasjerte og fagleg dyktige elektroinstallatør.
Me kan tilby
- Moglegheit til å vera med å forma eit firma i vekst
- Ein aktiv arbeidsdag med faglege utfordringar
- Store personlege utviklingsmoglegheiter
- Positivt og engasjerande miljø
- God HMS kultur med kollegaer som gjer kvarandre betre
- Konkurransedyktige vilkår
Arbeidsoppgåver:
- Prosjektering, kontroll og installasjon
- Servicearbeid
- Sals- og kalkulasjonsarbeid
- Delaktig i vidareutvikling av tenesteomfang og oppbygging av rutinar og system
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Installatørpapir
- Ynskjeleg med HS-kompetanse
- God HMS og kvalitetsforståing
- Beherskar norsk (skriftleg og munnleg)
- Strukturert, serviceinnstilt og sjølvstendig
- Likar utfordringar og samarbeid
- Erfaring frå småkraftbransjen er ynskjeleg, men ikkje eit krav
Førarkort kl. B
Om arbeidsgiveren
Proxima Hydrotech er eit firma i vekst som tilbyr drift og vedlikehald av småkraftverk i heile Noreg. Me tilbyr tilstandskontrollar, driftsleiartenester, vedlikehald, drifts- og tilsynsavtale og rådgjevingstenester. Selskapet har sitt eigenutvikla driftsovervakingssystem som er tilpassa alle kjende utstyrsleverandørar slik at me kan levera tenestene uavhengig av teknologisk plattform hjå kraftverka.
Me har vårt hovudkontor på Seimsfoss i Kvinnherad og eit avdelingskontor i Bergen.
- Nettverk
- Sektor
- Privat
- Sted
- Seimsvegen 116, 5472 Seimsfoss
- Bransje
- Kraft og energi
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Teknisk personell
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
elektro, elektroarbeid, fornybar, grønn energi, høgspent



Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Anita Alsaker
- Stillingstittel
- Dagleg leiar
- Mobil
- 98 22 76 45
- Nettverk
- Kontaktperson
- Erlend Bjørnebøle
- Stillingstittel
- Elektroleiar
- Mobil
- 99 48 65 00