Utløpt

Jordmor. 100% faste stillingar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Jordmor. 100% faste stillingar
Frist
Så snart som mogleg
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Fødeavdelinga ved Kvinneklinikken har om lag 4600 fødslar årleg. Vi har tre fødeeiningar: Føde A, Føde B og Føde C - Storken. Føde A har ei eiga barseleining i 2.etasje. Føde A har ansvar for dei kompliserte fødslane, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. På Barsel blir kvinner og nyfødde med komplikasjonar etter fødsel tatt vare på. Føde C - Storken er ei kombinert lavrisiko føde-barseleining. Føde B er også ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Utviklinga av dei tre kombinerte einingene er ein del av organisasjonsutviklinga fram mot flytting til Glasblokkene i 2023. Kvinneklinikken er såleis inne i ei svært spennande tid med fokus på utvikling og førebuing til flyttinga.    

Ved Poliklinikk for gravide, mor og barn har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, terminkontrollar og ØH-situasjonar. Der er òg barseloppfølging, ammepoliklinikk og samtalar for kvinner med fødselsangst.  

Fødeavdelinga er ein spennande arbeidsstad for jordmødrer som ønskjer å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskap- fødsel og barselomsorg. Vi søkjer etter jordmødrer som har interesse for alle fagområda innan fødselsomsorga. Det er tett samarbeid mellom dei tre føde- og barselpostane, og både faglege og administrative oppgåver blir utført i samhandling med dei andre einingene.

Stillinga er knytta til Fødeavdelinga, med ein fastsatt 3 delt turnus. 70% av vaktene vil vere knytta til ein og same post, medan 30% av vaktene vil vere merka som "fellesvakter". Desse vaktene blir nytta på fleire postar på Fødeavdelinga etter kva behov som oppstår.   

Vi søkjer etter jordmødrer som vil vere med å engasjere seg i utviklinga på Fødeavdelinga, og dei 3 kombinerte føde- og barseleiningene her. Du er ansvarleg, løysingsorientert og bidrar med din veremåte til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid.
 
Vi søkjer både jordmødre som kan starte frå snarast og dei som kan starte seinare i haust. 

Arbeidsoppgåver

  • Jordmorfagleg ansvar for gravide, fødande og barselkvinner
  • Rettleiing av "nybakte foreldre"
  • Rettleiing av jordmorstudentar/ sjukepleiarstudentar og medisinarstudentar
  • Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden
  • Varierande sjukepleieoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Jordmorutdanning med norsk autorisasjon
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
  • Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå fødselsarbeid på Kvinneklinikknivå er ei føremon
  • Har erfaring med elektronisk fosterovervaking (STAN-sertifisert)
  • Generell sjukepleieerfaring

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Fleksibel
  • Tåle endring
  • Tilpassingsdyktig

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Det vil bli turnusarbeid, med 3-delt turnus. Arbeid i snitt kvar 3. helg.

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Jordmor

Nøkkelord

Jordmor,, KK,, 100%, fast

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Aase Boge
Stillingstittel
Avdelingsjordmor
Telefon
55 97 43 34
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 274009114
Sist endret 22. sep. 2022 12:51

Rapporter annonse