Utløpt

Overingeniør (Driftskoordinator - Bygg)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Overingeniør (Driftskoordinator - Bygg)
Frist
24.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)


Overingeniør (Driftskoordinator - Bygg)

Universitetet i Bergen er med sine 19 000 studentar og vel 4000 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.

Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleige av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit driftsbudsjett på omlag 536 mill. og eit investeringsbudsjett på omlag 377 mill. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Den samla bygningsmassen er inndelt i 4 driftsområde - tre er lokalisert på Nygårdshøyden og eitt er lokalisert på Årstad/Haukelandsområdet. Driftsområda vert leia av ein eigedomsforvaltar som rapporterer til Seksjonssjef Drift. Ved kvart driftsområde er det vedlikehaldsleiar og driftsleiar som rapporterer til Eigedomsforvaltar. Driftsområda har dessutan driftsteknikarar (fagbrev) og driftsoperatørar som arbeider på dagtid.

Ved Eigedomsavdelinga, Drift, er det ledig 100% stilling som Driftskoordinator.

Grunna høg aktivitet med rehabilitering/ombygging/nybygg, samt satsing på klimanøytralitet innan 2030, er det behov å styrke bemanninga som skal sikre mest mogeleg effektive og føremålstenlege bygg i samsvar med UiB sine standardkrav/PA, samt sikre god overgang mellom byggjefasen og driftsfasen. Driftskoordinator skal ha ein kontrollfunksjon i prosjekta gjennom prosjekteringsfasen, byggefasen, ved systematisk ferdigstilling og prøvedrift, og skal også følgje opp eventuelle avvik i garantitida. Koordinatoren vil overta prosjektansvaret etter byggjefasen i Statsbyggprosjekt, og vil fungere som kontaktperson for brukarar, driftspersonell og leverandørar fram til bygget er i samsvar med dei definerte krava i alle prosjekt. Stillinga kan på mange måtar samanliknast med ein teknisk byggjeleiarfunksjon.


Arbeidsoppgåver:

Overingeniøren rapporterer til seksjonssjefen og vil til dømes ha følgjande arbeids- og ansvarsområde:

  • Kontrollfunksjon for prosjektering, bygging og systematisk ferdigstilling i prosjekt
  • Fagleg støtte for prosjektleiar
  • Følgje opp leverandørar i prøvedrifts- og garantifasen for å sikre avtalt kvalitet og framdrift, i samarbeid med prosjektleiar der PL finnes.
  • Ansvar for behandling av klager og avvik frå mellom anna brukarar og driftspersonell.
  • Bidra til å følgje opp og utvikle interne rutinar innan FDV-dokumentasjon.
  • Innkjøp av varer og tenester etter behov, koordineringsansvar for servicekontraktar.
  • Følgje opp krav fastsett i lover og forskrifter.
  • Vere pådrivar for å utarbeide krav og retningsliner for byggeprosjekt ved UiB, og leggje tilhøva til rette for best mogeleg framtidig drift av bygget

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Bachelor- eller mastergrad i ingeniørfag, gjerne innan fagområda elektro, VVS eller energi og miljø, saman med lengre relevant praksis. I særskilte tilfelle kan manglande
  • formell utdanning kompenserast med lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning.
  • God kommunikasjon med alle partar som deltek i prosessen, og evne til å kunne arbeide på same grunnlag som ein byggjeleiar.
  • God fleirfagleg innsikt. Helst erfaring frå overtaking, oppstart og prøvedrift av nye bygg og tekniske anlegg.
  • Erfaring med FDV av tekniske anlegg og oppbygging av FDV-dokumentasjon.
  • Evne til å organisere og løyse problema etter kvart som dei oppstår.
  • Evne til å handtere til tider store arbeidsmengder i eit hektisk miljø.

Vi tilbyr:
  •  
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit hektisk arbeidsmiljø, stor kontaktflate mot kollegar og brukarar
  • Samarbeid med einingane på avdelinga og eksterne leverandørar
  • Eit inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Tilsetting i stilling som overingeniør (kode 1087) i årslønn kr.  710.000 - 770.000 i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn. For særskild godt kvalifiserte søkarar kan det vurderast høgre lønn.
  • Opplæring og moglegheit for vidareutdanning og utvikling.
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd) som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: https://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass: https://www.uib.no/eia/96627/eiendomsavdelingen-som-arbeidsplass


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Seksjonssjef Drift Jan-Terje Nygaard, mob. 915 64 650, email jtn@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Søknad og CV skal sendast elektronisk via https://www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Koordinering
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 274009016
Sist endret 11. okt. 2022 12:14

Rapporter annonse