Statsmeteorolog ved Vertjenestekontoret på Ørland

Arbeidsgiver
Meteorologisk institutt
Stillingstittel
Statsmeteorolog
Frist
05.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Om stillingen

I den operative vêrvarslingstenesta ved Meteorologisk institutt er det frå 1.1.2023 ledig faste stillinger som statsmeteorolog. Stillingane er ved Vertjenestekontoret på Ørland og er i hovudsak knytta  til utarbeiding av vervarsler til Luftforsvaret. Meteorologisk institutt sitt personell deltek også på øvingar og utplasserte oppdrag. 

Tjenesta er døgnkontinuerlig fordelt på 3 skift. Det er tett samarbeid med dei andre vervarslingskontora ved Meteorologisk Institutt.

Den operative vêrvarslingstenesta er i endring. Vi søker personar som er villige til både å inngå i vêrvarslingsteneste i ulike turnusoppgåver og som ved behov kan gå ut av turnus og utføre faglege aktivitetar.


Arbeidsoppgaver
  • operativ vêrvarslingsteneste 24/7 innanfor militær flyværteneste
  • briefing av flygare og andre brukarar om meteorologiske forhold 
  • delta i forsvaret sine operasjonar i inn- og utland etter avtale
  • delta i prosjektarbeid internt og med instituttet sine samarbeidspartnarar, dette omfatter  
  • både interne prosjekt for utvikling av tjenestene og eksterne prosjekt som for eksempel mindre forskningprosjekt
  • eventuelt delta innenfor behovet til totalforsvaret i Norge
  • andre fagleg relevante aktivitetar

Kvalifikasjonskrav

Generelle kvalifikasjonar:

  • høgare utdanning, mastergrad innan naturvitenskap eller tilsvarande er eit krav, helst med spesialisering i meteorologi
  • generelle kunnskapar om tradisjonelle og sosiale medium og evne til effektiv kommunikasjon på slike plattformar
  • MET følgjer WMO (Verdens Meteorologi Organisasjon) sine krav til kvalifikasjoner for statsmeteorologer. Nødvendig opplæring vil bli gitt.

Personlege eigenskapar:

  • du har evne og vilje til omstilling, til å halde deg fagleg oppdatert og til å ta i bruk nye metodar/hjelpemiddel
  • du har god formuleringsevne, munnleg og skriftleg i norsk og engelsk
  • du har evne og vilje til å medverke til profilering av Meteorologisk institutt gjennom utoverretta aktivitetar
  • du er egna til turnustjeneste og klarer å halde roa i periodar med høgt arbeidspress
  • du liker faglige utfordringar
  • du er engasjert og positiv og har evna til nytenking
  • du liker ei utfordring, er løysningsorienetert og beslutningsdyktig
  • du kan jobbe både sjølvstendig og i team

Personleg egnethet vil bli vektlagt

Det vert kravd tryggleiksklarering for hemmeleg nivå for tilsetting i stillingane. Les meir om sikkerhetsklareringen her. (https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/sporsmal-og-svar-om-klarering/)


Vi tilbyr
  • løn som 1358 statsmeteorolog, frå kr 478 300 til 628 600 per år avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte kan høgare løn vurderast. Kompensasjon for turnustjeneste i samsvar med gjeldande reglar
  • faglege utfordringar på eit område som er nyttig for samfunnet
  • høve til eigenutvikling
  • eit moderne teknologisk arbeidsmiljø
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • 6 månader gjensidig prøvetid

Tilleggsinformasjon

Vi legg vekt på mangfald og oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. MET deltek i statens inkluderingsdugnad og har som mål å få fleire med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne ut i arbeid. Opplysningar om hol i CV eller nedsett funksjonsevne kan brukast til rapporteringsformål. Les meir her. (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0)

Dersom ein søkjar ynskjer å reservere seg frå ei offentleg søkarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkeren har bedt om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom ønske om  reservasjon ikkje vil bli teke til følge, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingssjef for Vervarslinga på Vestlandet, Reidun Holmøy tlf 411 07 215, eller Ingar Sundet stedlig leder ved Vertjenestekontoret på ørland, tlf. 472 97 969.


Om arbeidsgiveren

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringslivet, institusjonar og allmenta blir best mogleg i stand til å sikre liv og verdiar, planlegge framover og verne miljøet. Meteorologisk institutt har tjenestesteder i Oslo, Bergen, Tromsø og på Svalbard, Ørland og Bardufoss.

Moderne meteorologi krev handtering og analyse av enorme datamengder, og byr på store og spennande faglege utfordringar. Heilt frå 1866 har norske meteorologar stått sentralt i utviklinga av faget, og vi er i dag eit leiande internasjonalt fagmiljø. 

Sektor
Offentlig
Sted
Henrik Mohns Plass 1, 0371 Oslo
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
IT
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi

Annonseinformasjon

FINN-kode 273992182
Sist endret 22. sep. 2022 10:30

Rapporter annonse