Meteorologikonsulent - Vertjenestekontoret på Ørland

Arbeidsgiver
Meteorologisk institutt
Stillingstittel
Meteorologikonsulent
Frist
05.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Om stillingen

Kontoret har eit godt arbeidsmiljø med meteorologer og meteorologikonsulenter. Vêrtenestekontoret Ørland støtter Luftforsvaret, og då spesielt til jagerfly - 332 skvadron, redningshelikopter - 330 skvadron og AWACS. Vêrtenestekontora leverer METAR med TREND og TAF for forsvaret sine flyplasser. i tillegg utarbeides det vêrbriefer og vervarsler basert på forsvarets behov. Meteorologisk institutt sitt personell deltek dessutan på øvingar og utplasserte oppdrag.

Tjenesta er døgnkontinuerlig fordelt på 3 skift. Det er tett samarbeid med dei andre varslingskontora ved Meteorologisk institutt. 

Ved vêrtenestekontoret Ørland er det ledig faste stillingar som meteorologikonsulent med oppstart 2.1.2023. 


Arbeidsoppgaver
  • utarbeiding og formidling av meteorologiske produkt
  • briefing av flygarar og andre brukarar om meteorologiske forhold
  • observasjonsjteneste 
  • handtering av diverse data- og sambandsutstyr
  • delta i utviklingsprosjekt og anna løpande arbeid
  • delta i Forsvaret sine operasjonar i inn- og utland etter avtale

Kvalifikasjonskrav
  • utdanning på bachelornivå eller tilsvarande med realfag i fagkrinsen, eventuelt pilotutdanning 
  • det blir gitt opplæring der eksamen i meteorologi/flymeteorologi må bli bestått

Personlege eigenskapar: 

  • generell kunnskap i bruk av moderne IT-hjelpemiddel
  • systematisk, ansvarsbevisst og resultatorientert
  • gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig og i grupper
  • klar munnleg og skriftleg framstillingsevne både i norsk og engelsk
  • motivert for jobben 
  • gode kommunikasjonsevner
  • fordel med førarkort klasse B

Praksis som meteorologikonsulent frå værtenestekontor eller annan praksis knytta til luftfart eller Forsvaret er ein fordel.

Det vert kravd sikkerheitsklarering på nivå Hemmelig for tilsetting ved vêrtenestekontoret (norsk statsborgarskap og 10 års butid i Noreg). Les meir om sikkerheitsklareringa her (https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/sporsmal-og-svar-om-klarering/).


Vi tilbyr
  • stillingskode 1042 meteorologikonsulent, årsløn kr 435.000 - 470.000  avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar.  For spesielt kvalifiserte kan høgare løn vurderast.
  • kompensasjon for turnustjeneste i samsvar med gjeldande reglar
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • 6 månaders prøvetid

Tilleggsinformasjon

Vi legg vekt på mangfald og oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. MET deltek i statens inkluderingsdugnad og har som mål å få fleire med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne ut i arbeid. Opplysningar om hol i CV eller nedsett funksjonsevne kan brukast til rapporteringsformål. Les meir her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0).

Dersom ein søkjar ynskjer å reservere seg frå ei offentleg søkarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkeren har bedt om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom ønske om  reservasjon ikkje vil bli teke til følge, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingssjef for Vervarslinga på Vestlandet, Reidun Holmøy tlf 411 07 215, eller Ingar Sundet stedlig leder ved Vertjenestekontoret på Ørland, tlf. 472 97 969.


Om arbeidsgiveren

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære føremål. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringslivet, institusjonar og allmenta blir best mogleg i stand til å sikre liv og verdiar, planlegge framover og verne miljøet.

Moderne meteorologi krev handtering og analyse av enorme datamengder, og byr på store og spanande faglege utfordringar. Heilt frå 1866 har norske meteorologar stått sentralt i utviklinga av faget, og vi er i dag eit leiande internasjonalt fagmiljø.

Sektor
Offentlig
Sted
Ørland, 7129 Brekstad
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
IT
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi

Annonseinformasjon

FINN-kode 273991989
Sist endret 22. sep. 2022 10:29

Rapporter annonse