Intensivsjukepleiar eller sjukepleiar med erfaring frå tilsvarande
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Intensivsjukepleiar
- Frist
- 09.10.2022
- Ansettelsesform
- Fast
Nyføddintensiv søkjer intensivsjukepleiar. Vi har ledig fast 100% stilling, pt. i tredelt turnus. Nyføddintensiv har 16 senger, både intermediærsenger og intensivsenger.
Nytt bygg som skal ivareta alle pasientar under 18 år, samt mor/barn i samband med fødsel er under bygging. Dette vil gi nye moglegheiter og spennande utfordringar for framtida.
Arbeidsoppgåver
- Sjukehusets 4 hovudoppgåver er pasientbehandling, pasient-pårørande opplæring, forsking og utdanning
- Familiebasert omsorg ligg til grunn for måten ein jobbar på Nyføddintensiv
- Du skal overvake, observere og gje pleie til sjuke nyfødde barn og for tidleg fødde barn
- Du skal rettleie, gje støtte og omsort til pårørande
- Du skal inngå i eit tverrfagleg samarbeid som skal gje pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Du er spesialsjukepleiar med vidareutdanning i intensivsjukepleie
- Du er sjukepleiar med erfaring med for tidleg fødde, sjuke nyfødde, nyfødde og barn
- Du har interesse for barn og intermediær/intensivpleie
- Du har erfaring med overvaking av pasientar
- Det er ein fordel med CPAP eller respiratorkompetanse
- Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
- Du har norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Du har vilje til forpliktande teamarbeid
- Du bidrar til å løfte kollegaene med dine gode holdningar.
- Du er positiv og inkluderande
- Du har god arbeidskapasitet
- Du er problemløysande og nytenkjande
- Du deler raust av din kunnskap og dine ferdigheiter og får frem det beste i andre
- Du er opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god overvaking, observasjon og pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Du skal rettleie, gje opplæring, støtte og omsorg til pårørande
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb med moglegheit til vidare utvikling av tenestetilbodet
- Eit arbeidsmiljø med høg fagleg nivå, engasjerte kollegaer og tydeleg pasientfokus
- Fagleg og personleg utvikling i form av nytilsettprogram, rettleiing og oppfølging
- Svært godt arbeidsmiljø
- Heil stilling i tredelt stilling
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier / Intensiv,
- Sykepleier / Barn/nyfødt
Nøkkelord
Intensivsjukepleiar,, internsivsykepleier,, nyføddintensiv,, nyfødtintensiv
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Anne Siri Fonneland
- Stillingstittel
- Einingsleiar
- Telefon
- 55 97 52 18
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen