Utløpt

Bioingeniør

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Bioingeniør
Frist
12.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Er du bioingeniør? - og vil ta del i ei offensiv avdeling med fokus på best mogeleg pasientbehandling?
Ønskjer du i tillegg eit godt arbeidsmiljø, med mange positive og hyggelege kollegaer?
Då er dette rette jobben for deg!

Klinikk for diagnostikk, Avdeling for medisinsk mikrobiologi, Mikrobiologi Molde har 3 stillingar ledig

  • Bioingeniør i fast 100 % stilling, gjeldande frå snarast.
  • Bioingeniør i 2-års vikariat 100 % stilling, gjeldande frå snarast til 30.september 2024
  • Bioingeniør i 1-års vikariat 100 % stilling, gjeldande frå snarast til 30.september 2023
    Ved ev. intern tilsetting vil det bli ledig anna vikariat ved seksjonen.

 

Kven er det du søker jobb hos?

Avdeling for medisinsk mikrobiologi er samansett av 2 seksjonar, Ålesund og Molde, med til saman 43 stillingar der 33 av desse er ved seksjonen i Molde. Avdelinga har eit vidt analyserepertoar fordelt på fagområder innan infeksjonsimmunologi, genteknologi og bakteriologi med mykologi. Til å vere ei middels stor avdeling leverer vi analyser og tenester utover standard repertoar, og vi er kjent for god service og høg fagleg kompetanse.
Avdelinga yt service til alle fire sjukehusa og til primærhelsetenesta i Møre og Romsdal fylke. Vi er ei avdeling med stor fokus på kvalitet, utvikling og forbetring. Vi er sett saman av ulike profesjonar og har tilsette i ulike aldrar. Dette gjer at vi kan skryte av eit godt arbeidsmiljø med plass til alle, der alle føler seg inkludert.
For meir informasjon om avdelinga kan du sjå på nettsida vår: www.helse-mr.no/mikro   

 

Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til CV.

Dette kan vi tilby deg:

  • Ein arbeidsplass med trivelege kollegaer og eit sterkt tverrfagleg samarbeid.
  • Ein inkluderande arbeidsplass.
  • Krevjande, interessante og varierte arbeidsoppgåver, i eit føretak og ei avdeling i omstilling og utvikling
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar.
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Delta i rutinearbeid i seksjonen, ved eitt eller fleire av fagområda.
  • Delta i seksjonen sin vaktturnus.
  • Medvirke til å oppfylle føretaket sine overordna mål, med fokus på kvalitetssikring ,kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling 

Kven er du, som vi søker etter?

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon, eller tilsvarande 3-årig biofagleg utdanning
  • Du mestrar norsk språk flytande, både muntleg og skriftleg.
  • Om du har praktisk erfaring innan mikrobiologi/molekylærbiologi og/eller erfaring med relevante diagnostiske metodar vil dette bli lagt vekt på ved tilsetting.
  • Og har du særleg IKT bakgrunn/interesse ser vi det som en fordel. 

Og med følgande personlege eigenskapar:

  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert.
  • For å nå måla våre er det viktig med ansatte som er fleksible og endringsvillige.
  • Ved tilsetting vil personleg eignethet for stillinga være viktig. Og også å ha evne og vilje til sjølvstendig og systematisk arbeid.
  • Gode samarbeidseigenskapar vil bli tillagd stor vekt i totalvurderinga for å finne den rette kandidaten.

Dette er oppgåver du må forhalde deg til:

  • Delta i rutinearbeid i seksjonen, ved eitt eller fleire av fagområda.
  • Delta i seksjonen sin vaktturnus.
  • Medvirke til å oppfylle føretaket sine overordna mål, med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling 

 

Og på fritida?

Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og ikkje minst eit eldorado når det gjeld fjellturar, alpint, klatring, golf, segling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skular, barnehagar og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og også internasjonale ruter. Molde har dei siste åra fått ny front mot sjøen med mellom anna fleire spennande kaféar og restaurantar. Les meir om byen vår her: https://www.visitnorthwest.no/molde/ 
 
Vi håper å sjå søknaden din!

Om arbeidsgiveren

Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Bioingeniør

Nøkkelord

Bioingeniør, Mikrobiologi, Molde

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marie Aslaksen Røed
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Følg firma
208 følger dette firmaet

Parkvegen 84, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 273911193
Sist endret 22. sep. 2022 08:45

Rapporter annonse