Utløpt

Rådgjevar/seniorrådgjevar statistikk og analyse

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar statistikk og analyse
Frist
09.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Har du lyst til å bidra i arbeidet med å utvikle eit nyskapande og berekraftig Vestland? Vi skal vere i front innan kommunale og regionale analysar, og i dette arbeidet treng vi deg. Vi skal stø fylkeskommunen som ein aktiv og kunnskapsbasert regional utviklingsaktør, og bidra til å løfte analyse- og kunnskapsproduksjonen både i internt i fylkeskommunen, og for kommunane. Vi har òg ei nøkkelrolle i formidling og kunnskapsutvikling av kart- og statistikkarbeid i fylket.

Det er ledig to faste stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar med kompetanse innan statistikk og analyse.

Arbeidsoppgåver

Seksjonen sine arbeidsoppgåver innan statistikk, kart og analyse:

  • Kart- og statistikkforvaltning
  • Kunnskapsgrunnlag til regionale planar og strategiar
  • Rådgjeving til interne og eksterne aktørar
  • Kvantitative og kvalitative analysar
  • Delta i digital utvikling og publisering av indikatorsystem til oppfølging av berekraftsmål og planar

Arbeidsoppgåvene vil tilpassast den aktuelle søkar etter kompetanse og interesse.

Kvalifikasjonar

Utdanningsnivå:

  • Mastergrad eller høgare 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med plan- og strategiarbeid
  • Erfaring med kvantitative og kvalitative metodar og verktøy
  • Erfaring med prosjektleiing, eller prosessarbeid
  • Erfaring eller interesse for formidling og digital handsaming av store mengder tekst, tal og grafikk

Arbeidsspråket er nynorsk. Legg ved vitnemål frå vidaregåande skule i tillegg til universitet/høgskule.

Personlege eigenskapar

  • Gode analytiske evner
  • God norsk munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • Kreativ, løysingsorientert, metodisk allsidig
  • Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
  • Gode kontaktskapande og kommunikative evner

Vi tilbyr

  • Stillingsnemning rådgjevar/seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø

 

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Arbeidsstad Bergen
  • Litt reiseaktivitet må påreknast, men det daglege samarbeidet er i ditale møterom
  • Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sandslihaugen 30, 5020 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon

Nøkkelord

statistikk, analyse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Synnøve Stalheim
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
47 89 72 60
Følg firma
1074 følger dette firmaet

Sandslihaugen 30, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 273906437
Sist endret 5. okt. 2022 16:27

Rapporter annonse