Utløpt

Rådgjevar/seniorrådgjevar statistikk, kart og analyse

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar statistikk, kart og analyse
Frist
09.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Har du lyst til å bidra i arbeidet med å utvikle eit nyskapande og berekraftig Vestland? I dette arbeidet treng vi deg som har god kompetanse innan geografiske informasjonssystem, og som kan bruke og vidareutvikle slike verktøy til nytte intern i fylkeskommunen, og for kommunane i Vestland. Å bidra i anna statistikk og analysearbeid vil òg inngå i stillingane.

Det er ledig to faste stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar med kompetanse innan statistikk, kart og analyse.

Arbeidsoppgåver

Dei to stillingane inngår i seksjonen sin daglege statistikk- og analyseproduksjon, herunder: 

  • Kvantitative og kvalitative analysar
  • Visualisering, publisering og presentasjon av statistikk og analysar
  • Digitalisering av datagrunnlag/automatisering av løpande oppdateringar
  • Koordinering og kvalitetssikring av kunnskapsformidling frå andre avdelingar
  • Rådgjeving til interne og eksterne aktørar

 

I tillegg er det lagt særlege GIS-oppgåver til stillingane:

  • Utvikling og bruk av GIS som analyseverktøy
    • Publisere og vedlikehalde data i fylkeskommunen sine offentlege karttenester
    • Sjå heilskapen av behov og vere pådrivar for vidareutvikling innan fagfeltet
    • Vidareutvikle brukarløysingar
  • Støtte og utføre oppdrag for fagavdelingar og temaplanar
    • Opplæring og tilrettelegging
    • Geografiske analysar
    • Lage tematiske kart
  • Representere fylkeskommunen i ulike utval under Norge Digitalt-samarbeidet, og i fylkeskommunalt GIS-nettverk

Kvalifikasjonar

  • Høgskule/universitet: mastergrad eller høgare 
  • Kvantitativ metodekunnskap og erfaring med statistikkprogramvare
  • Erfaring med GIS-programvare, herunder drift og konfigurasjon av server, desktop og web-GIS
  • Erfaring med geografiske analyser og framstilling av kartdata, også via nettløysingar
  • Generell innsikt i drift og vedlikehald av data i filstruktur og database
  • Kjennskap til vedlikehald og utvikling i prosesseringsløyper for automatisert dataflyt

Personlege eigenskapar

  • Gode analytiske evner
  • God norsk munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • Kreativ, løysingsorientert og metodisk allsidig
  • Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Stillingsnemning rådgjevar/seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring 
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø

 

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Arbeidsstad Bergen
  • Litt reiseaktivitet må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i ditale møterom
  • Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sandslihaugen 30, 5020 Bergen

Nøkkelord

statistikk, kart, analyse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Synnøve Stalheim
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
47 89 72 60
Følg firma
1068 følger dette firmaet

Sandslihaugen 30, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 273905534
Sist endret 5. okt. 2022 16:25

Rapporter annonse