Forsker
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Forsker ved Klinisk institutt 2
- Frist
- 09.10.2022
- Ansettelsesform
- Vikariat
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-w (https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-w)
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er eksternt finansiert av Kreftforeningen, og er for tida knytt til prosjektet ?Enhanced cryoimmunotherapy (CryoIT) against urogenital cancers". Prosjektet har ei førebels finansiering i 15 månader.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Hovedformålet med prosjektet er meir robuste og potente terapeutiske celler, inkludert gode kvalitetskontroller, for bruk i neste generasjons immunterapi mot kreft. For dette formålet må cellekultursystem av dendrittiske celler og ko-kulturar med pasientceller frå Forskningsbiobank bli analyserte med omsyn til molekylære signalveier og funksjonelle eigenskapar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
- Det er ønskjeleg at forskaren har vitskaplege kvalifikasjonar innan molekylær og cellulær biologi, inkludert transfeksjon og transduksjon, og immunologiske metoder, slik som flowcytometri, ELISA, cytokinmålingar og farging, ELISPOT, HLA-typing og tetramerfarging, i tillegg til bioinformatikkanalyser av store datasett
- Søkjarar med erfaring frå bioinformatisk analyse av data frå RNA-sekvensering og T-celle-reseptor-sekvensering samt enkeltcelle sekvensanalyser, er spesielt velkomne til å søkje denne stillinga
- Det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
- Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
- Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
- Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
- Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid
Vi kan tilby:
- Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan cancer immunterapi
- Løn (kode 1109) for tida 593 000 kr. For søkjarar med spesialitet for tida 615 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Søknaden skal innehalde:
- Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
- Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
- Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
- Doktorgradsavhandlinga (pdf)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
- Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
- Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
- Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
- Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
- Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
- Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
- Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i
- forskingsgruppa
- Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
- Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Karl-Henning Kalland tlf. +47 95330352 / e-post: karl.kalland@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her. (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen)
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Jonas Liesvei 91, 5009 Bergen
- Bransje
- Forskning, utdanning og vitenskap,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Forskning/Stipendiat/Postdoktor