ID 1904 Sakshandsamar plan - Eining for regulering, byggesak og oppmåling

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Saksbehandler
Frist
09.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Eininga har ledig fast nyoppretta 100% stilling som sakshandsamar plan.


Hovudoppgåver ved avdelinga:

  • Sakshandsaming av offentlege og private detalj- og områdereguleringsplanar og ev. delingssaker og dispensasjonssaker
  • Bidra aktivt til tverrfagleg samhandling og koordinering i sakshandsaminga både internt i kommunen og eksternt mot kundar/ konsulentbransjen
  • Deltaking i førehandskonferansar og politiske møte
  • Oppfølging av regionalt planarbeid samt overordna planleggingsarbeid kan bli tillagt avdelinga


Me søkjer ein sakshandsamar som:

  • Kommuniserer tydeleg, arbeider strukturert og sjølvstendig
  • Har motivasjon og evne til å vera med å vidareutvikla forvaltningsområdet
  • Er løysningsorientert i møte med anna fagpersonell, utbyggings- og konsulentbransjen
  • Er initiativrik, har god relasjonskompetanse og samarbeidsevne
  • Kan arbeide og trivast i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon
  • Har god forståing for offentlege prosessar og forvaltning
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne (nynorsk skriftmål)
  • Har god digital kompetanse


Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå
  • Erfaring innanfor fagområdet (plan- og bygningslova)
  • Praksis frå offentleg forvaltning er ynskjeleg
  • Nyutdanna vert også oppmoda om å søkje
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt


Me kan tilby:

  • Høve for personleg vekst og utvikling i arbeidet
  • Eit godt og hektisk arbeidsmiljø med spennande utfordringar
  • Medlemskap i Stord kommune ve og vel med bl.a. husvære i Røldal, hytte på Husøy inkl. båt, utleige av tilhengarar, m.m.
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale med plansjef/kommunalsjef Lovise Vestbøstad, tlf. 911 50 097

Sektor
Offentlig
Sted
5402 Stord
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

saksbehandler, ingeniør, regulering, byggesak

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lovise Vestbøstad
Stillingstittel
Plansjef/kommunalsjef
Mobil
911 50 097
Følg firma
3 følger dette firmaet

5402 Stord

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 273864877
Sist endret 22. sep. 2022 13:37

Rapporter annonse