Utløpt

Vi søkjer arealplanleggar!

Arbeidsgiver
Kinn kommune
Stillingstittel
Arealplanleggar
Frist
09.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Det er no ledig ei fast heiltidsstilling som arealplanleggar. Stillinga ligg til avdelinga plan- og byggesak, landbruk. Avdelinga har i dag 20 tilsette. Denne avdelinga ligg under sektor for samfunn, kultur og miljø. Det blir lagt stor vekt på tverrfagleg samarbeid og utvikling av eit godt arbeidsmiljø.

Du kan velje kontorstad; Måløy eller Florø. Arbeidsstad er i heile vår flotte kommune.

Arbeidsoppgåver

  • Planarbeid på alle nivå: til dømes kommuneplanar, områderegulering, detaljregulering og tilhøyrande utgreiingar
  • Planproduksjon i GIS-line
  • Framlegging av saker til politisk handsaming

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet
  • Erfaring frå arealplanlegging er ein fordel
  • Gode datakunnskapar
  • Gode norsk-kunnskapar og kjennskap til/erfaring frå offentlege verksemder er ønskjeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, kan jobbe sjølvstendig og er løysningsorientert
  • Serviceinnstilt og positiv haldning til både publikum og kollegaer
  • Evne og vilje til å tileigne og dele ny kompetanse
  • Trivast med eit høgt arbeidstempo og kunne jobbe under press
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver innan eit spanande fagfelt
  • Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
  • Medlemskap i offentleg pensjonsordning KLP
  • Godt kollegialt arbeidsmiljø med "låg dørterskel" mellom fagavdelingane

Om arbeidsgiveren

Kinn kommune er den mest mangfaldige kommunen i landet og her finn ein det meste av urbane tenester, trivelege bygder og ein natur som spenner frå storhavets bølgjer til mektige brear i det indre. Moglegheitene for friluftslivet er utømelege. Kommunen er med over 17 000 innbyggarar ein av dei største i Vestland fylke, og byane Florø og Måløy er administrasjonssenter.

Kommunen har høge ambisjonar om å levere gode tenester og vere ein aktiv samfunnsutviklar. For å gjere dette treng vi dyktige og motiverte medarbeidarar.

Sektor
Offentlig
Sted
6906 Florø
Bransje
Arkitektur, areal og interiør,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Arkitekt og planlegging / Arealplanlegger,
Planlegger,
Saksbehandler

Nøkkelord

GIS-line, kommuneplan, detaljregulering, områderegulering, planproduksjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janicke Svendal
Stillingstittel
Avdelingsleiar arealplan
Mobil
95 43 03 02
Kontaktperson
Jon Anders Stavang
Stillingstittel
Plansjef
Følg firma
25 følger dette firmaet

6906 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 273860061
Sist endret 2. nov. 2022 08:12

Rapporter annonse