Utløpt

Kan du tenkje deg å jobbe med samlivs- og relasjonsprobem?

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Familieterapeut
Frist
12.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Informasjon om arbeidsstaden og stillinga

Ved Bergen og omland familiekontor har vi ledig ei fast stilling i 100%, og eit vikariat i 100% som familieterapeutar. Vikariatet er på eitt år og kan bli utvida.

Hos oss vil du vere ein del av eit spanande fagmiljø som er opptatt av vårt viktige samfunnsoppdrag. 

Bergen og omland familiekontor har lokasjonar i Bergen, på Stord og i Odda, med utekontor på Voss og Husnes. Arbeidsstad for stillingane er Bergen med kontor i Solheimsviken. Kontora har omlag 35 tilsette med utdanning som familieterapeutar, psykologar og med kontorfaglig kompetanse. 

Bergen og omland familiekontor dekkjer bydelene Fana, Laksevåg/Loddefjord og Ytrebygda, og omlandskommunar. Kontoret har avdelingskontor på Stord og i Odda, samt utekontor på Voss og på Husnes. Kontora i Bergen og på Stord har til saman ca 35 tilsette.

Familievernet gir tilbod til familiar, par og barn som sjølv oppsøker tenesta med ulike typer relasjonsproblem. Tenestetilbodet består av familie- og parterapi, grupper, kurs, mekling, og bistand til foreldresamarbeid der foreldre ikkje bur saman. Familievernet utfører lovpålagt mekling mellom foreldre med formål om å hjelpe dei til å finne gode løysingar for barn etter samlivsbrot. Familievernet har og oppgåver knytta til tilsyn ved samvær der retten har fastsatt støtta tilsyn.


Kva vil arbeidsdagen din bestå av?

I familievernet vil du arbeide med:

  • Terapi og rådgjeving for familiar og par med samlivs- og relasjonsvanskar
  • Foreldrerettleiing
  • Å auke barns medverknad gjennom familiesamtalar og samtalar med barn/ungdom
  • Mekling for foreldre etter ekteskaps- og barnelova
  • Førebuande arbeid i grupper og rettleiing, undervisning og kurs
  • Utadretta arbeid
  • Intern fagutvikling i samarbeid med kollega
  • Administrative/andre oppgåver knytta til drifta av kontora

Kva slags bakgrunn har du?

Krav til stillingane: 

  • Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom med vidareutdanning i familieterapi
  • Relevant arbeidserfaring med barn, ungdom og familar etter grunnutdanninga
  • Ønskeleg med erfaring frå familievernet 
  • God IT-kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar: 

  • Evne til å møte menneske i ein vanskeleg livssituasjon på ein respektfull, god og trygg måte
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • God arbeidskapasitet
  • Evne til sjølvleiing og fleksibilitet
  • Interesse for og evne til å møte faglege utfordringar
  • Personleg eigna
  • Samansetjing av personalgruppa vil bli vektlagt
  • Utifrå hensyn til samansetjing av personalgruppa oppfordrar vi menn til å søkja 

Kva får du hos oss?
  • Stillinga som familieterapeut er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog. Løn kr 584 700 - 648 700 pr. år (ltr. 63-69), 
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring
  • Ved særleg kompetanse kan løn vurderast
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Vi kan også tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø
  • Løyve til å trene ein time pr. uke i arbeidstida 
  • Fleksibel arbeidstid innanfor bestemte rammer
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enda betre tilbod, noko vi meiner har ein stor verdi i seg sjølv

Opplysningar til deg som søkjer
  • Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeiderarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er p.t. lagt til Bergen og omland familiekontor, lokasjon Bergen 
  • Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.

Kontaktinformasjon

Enhetsleder: Vibeke Heitmann tlf. 466 19259 

e-post: vibeke.heitmann@bufetat.no

Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik skal takast med ved eit eventuelt intervju eller leggast ved elektronisk.


Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor
Offentlig
Sted
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sosionom
Følg firma
4299 følger dette firmaet

Solheimsgaten 13, 5058 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 273631380
Sist endret 19. sep. 2022 10:37

Rapporter annonse