Utløpt

Vil du jobbe i ei av kultur-Noregs mest spennande kommunikasjonsavdelingar?

Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Stillingstittel
Innhaldsprodusent
Frist
02.10.2022
Ansettelsesform
Vikariat

Har du erfaring med digital kommunikasjon og innhaldsproduksjon for nett og sosiale medium? Er du opptatt av god historieforteljing? Og i tillegg kulturinteressert? Kanskje du vil jobbe hos oss?  


Vi har ledig eit toårig vikariat og søker ein kreativ og initiativrik kommunikasjonskonsulent som er dyktig på video og foto. Du vil ha ansvar for å utarbeide godt og engasjerande innhald til dei digitale plattformene våre.  

Du vil bli ein del av eit fellesskap som produserer innhald for sosiale medium og nettside, og få operativt ansvar for digitale kampanjar. Du vil få moglegheit til styrke kommunikasjonsavdelinga med ny innsikt og bidra positivt inn i eit hyggeleg arbeidsmiljø. 

 

Vi ser etter deg som  

  • Har relevant utdanning eller erfaring innan kommunikasjon og digitale medium. 
  • Kan fotografere og ta videoar. 
  • Har gode ferdigheiter og erfaring med produksjon, redigering av foto og video. 
  • Erfaring med Premiere Pro. 
  • Det er eit pluss om du er oppdatert på trendar og brukarvanar på nett og sosiale medium, og har god forståing for kva som skaper engasjement.  
  • Forstår deg på analyse og evnar å omsette data/tal til verdifull innsikt som er relevant for å styrke marknadsaktivitetar. 
  • Har god framstillingsevne - både skriftleg og visuelt, og det er fint om du trivst med å uttrykke deg på nynorsk. 
  • Jobbar sjølvstendig og har struktur på eige arbeid. 

 

 

Vi tilbyr 

  • Faglege utfordringar og interessante arbeidsoppgåver i eit kreativt miljø. 
  • Du blir ein del av ei profesjonell kommunikasjonsavdeling med høge ambisjonar. 
  • Eit godt og sosialt arbeidsmiljø prega av både ulikskap, fellesskap og (god) humor. 
  • Løn etter tariff, fleksibel arbeidstid og mange moglegheiter for å oppleve godt teater. 
  • Gode kollektive pensjonsordningar og gunstig ferieordning. 

 

 ER DU DEN NYE KOLLEGAEN VÅR? 

Vi kjem til å vurdere kandidatar fortløpande fram mot søknadsfristen, og vi oppmodar derfor om at du sender inn søknad tidleg i prosessen. 

Send oss søknaden og CV-en din seinast innan 1.oktober. 

Oppstart etter avtale. Snarleg oppstart er ønska. 

Om du ikkje kan krysse av på alle punkta vi har lista opp ovafor, vil vi likevel høyre frå deg om du tenker at dette er riktig stilling for deg. Vi verdset personlegdom og potensiale aller mest! 

Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.  

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til Thine Sletbakk Bugge, avdelingsleiar

 

Om arbeidsgiveren

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum. Det Norske Teatret er eit repertoarteater som spelar mellom 30 og 40 framsyningar gjennom sesongen på tre faste scenar og på Rommen Scene i Groruddalen.

Kommunikasjonsavdelinga ved Det Norske Teatret har ansvaret for alle sals- og marknadsaktivitetar knytte til kvar einskild teaterframsyning. Det omfattar også tett oppfølging av strategiske samarbeidspartnarar, sponsorar og store næringslivskundar. Vi driftar vårt eige billettsystem og har i tillegg ansvaret for mediehandtering, formidlingsaktivitetar, publikumsservice, og omvisingar.

Sektor
Privat
Sted
Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Foto, lyd og lys,
PR og informasjon
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

fotografi, video, SoMe

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Thine Sletbakk Bugge
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Mobil
40 03 61 73
Følg firma
575 følger dette firmaet

Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 273268475
Sist endret 28. okt. 2022 16:04

Rapporter annonse