Utløpt

Vi søker kokker til Fossberg Hotell i Lom

Arbeidsgiver
Fossberg Hotell
Stillingstittel
Kokk
Frist
28.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer kokk til deltid- og fulltidsstilling hjå oss.

Fossberg Hotell i Lom søkjer kokk i heilårsstilling. Vi søkjer deg som har interesse for mat, er effektiv i arbeidet, og er med på å skape god stemning i jobbkvardagen. På Fossberg har vi, i tillegg til lunsjmøter og selskap, ein kafè kvar vi serverer både lunsj og middag. Vi er eit lite hotell med 56 boenheter, svømmebasseng, yogastudio, squashbane og ei rik historie. Vi har ope året rundt, men hovudsesong er på sumaren.

Vi er et dynamisk kjøkken som varierer meny og produkt etter kva råvarer vi kan få tak i. God kvalitet og gode gjesteopplevelser er viktig, og våre gjester set pris på å møte kokken både ute i kafèen, og ved matbord og selskap. Vi ser alltid etter muligheter for å forbetre oss og utvikle vårt produkt. Som kokk på Fossberg kan du vere med på å utvikle din kvardag der etter.

Arbeidsoppgåver:

  • Matlaging
  • Utvikling av meny i samarbeid med resten av teamet
  • Kvalitetskontroll av matproduksjon og hygiene
  • Gjennomføring av IK-rutiner og HACCP
  • Ansvar for kjøkkendrift
  • Bidra til et effektiv og godt miljø


Erfaring og kompetanse som kokk er påkrevd. Stillinga inneber arbeid både på kvardag og helg.

Har du fagbrev og/eller erfaring som kokk? Da ynskjer vi gjerne å bli kjent med deg??


Vi tilbyr:

  • Gode lønnsvilkår
  • Mogelegheit til å påverke din eigen jobbkvardag
  • Ein av Noregs vakraste arbeidsplassar
  • Vi er behjelpelege med å finne bostad
  • Gode kollegar med brei kunnskap
  • Ordna ferie og fritid
  • Tilgang til vårt trim og trivselssenter

 

Ta gjerne kontakt for ein uforplikta prat. Ser elles fram til å motta søknad og CV frå deg!

Tiltreding etter avtale. 

Om arbeidsgiveren

Fossberg Hotell ligg midt i Lom sentrum. Eigendommen som Fossberg ligg på i dag vart delt av frå prestgarden. John Haugen gav plassen namnet Fossberg, og i 1900 søkjer han om løyve til å sjenke heimbryggja øl, her byrjar hotelleventyret for Fossberg. I 1926 kjøper Ola P. Lund Fossberg. Fram til 1946 var det gardsdrift, kafè og utleige av husvære som gav inntekt. Etter 1946 blir Fossberg ført tilbake til det huset var bygd for før 1900, og kunne no ta imot 12 gjestar om gongen. Fyrste ombygginga av hovudhuset var sett i gang i 1953, og gjennom tida har det vore fleire omfattande ombyggingar av Fossberg. I 1991 vart kapasitetet igjen utvida til å kunne ta imot fleire gjestar, konferanseavdeling vart bygd i 1996, og i 2002 kom det trim og trivselssenter med svømmebasseng.

Vi jobbar stadig mot nye mål og delmål, og endrar oss i takt med tida. I dag så er det 3. generasjon og barnebarn til Ola P. Lund som driv hotellet saman med familien og gode kollegaer. Vi ser fram til at du tek kontakt og håper du vil vere med på å utvikle vårt hotell.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Bergomsvegen 40, 2686 Lom
Bransje
Hotell og overnatting,
Reise og turisme,
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Mat og servering,
Mat og servering / Kokk

Nøkkelord

kokk, kjøkken, hotell, lom, matbransjen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit Lund
Mobil
91 31 75 07
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Bergomsvegen 40, 2686 Lom

Annonseinformasjon

FINN-kode 273118014
Sist endret 28. okt. 2022 19:28

Rapporter annonse