Utløpt

Rådgjevar - Landbruk, klima og miljø

Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Stillingstittel
Rådgjevar - Landbruk, klima og miljø
Frist
16.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Bømlo kommune har ledig 100% fast stilling som landbruks-, klima- og miljørådgjevar ved seksjon samfunnsutvikling. Me ser etter deg som vil vera med på å nå ambisiøse mål innan landbruk-, klima og miljø, og som vil jobba for å ta vare på natur- og artsmangfaldet i Bømlo kommune. Me søkjer etter ein engasjert medarbeidar med kompetanse innan landbruk, klima, miljø og naturforvaltning som kan bidra til at me tenkjer klima i alt me gjer, og som kan syta for at naturressursane i kommunen vert forvalta på ein berekraftig måte. Seksjon samfunnsutvikling rapporterer til kommunedirektør og er inndelt i fagområda plan/byggjesak/oppmåling/landbruk og miljø. Me har eit godt arbeidsmiljø med kjekke og hjelpsame kollegaer, og er i dag totalt 15 tilsette. Me held til i Bømlo Rådhus sentralt på øya.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging av vedteken klimahandlingsplan.
  • Søkja om prosjekttilskot til klimatiltak og gjennomføring av tiltaka.
  • Rådgje dei ulike einingane i kommunen i klima- og miljøtiltak.
  • Delta i arbeid knytt til miljøretta helsevern.
  • Handsama saker knytt til naturmangfaldslova, naturforvaltning, akvakulturlova og forureiningslova.
  • Fagansvar for landbruks- og viltforvaltninga i kommunen.
  • Saksførebuing/utarbeiding av saksframlegg til politisk behandling.
  • Arbeidsoppgåvene vil elles vera avhengig av dei behov som avdelinga har til ei kvar tid og av kvalifikasjonane til den som blir tilsett.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan landbruk-, klima- eller naturforvaltning på masternivå frå NMBU, eller tilsvarande høgare utdanning som er relevant for stillinga.
  • Kunnskap eller erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men nyutdanna kan også søkja.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Erfaring med bruk av GIS-verktøy, kjennskap til bruk av elektronisk saksbehandlings-system og andre IT-verktøy.
  • Må disponere eigen bil.

Personlege eigenskapar

  • Lett å samarbeide med.
  • Serviceinnstilt, initiativrik og effektiv.
  • Strukturert og god til rett prioritering av arbeidsoppgåver.
  • Er positiv og interessert i å bidra i avdelinga si utvikling.
  • Set deg raskt inn i nye problemstillingar og leverer sjølv under tidspress.

Vi tilbyr

  • Spanande stilling med gode utviklingsmoglegheiter i ein flott kommune.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Løn etter avtale.
  • Gode ordningar for pensjon og forsikring.

Om arbeidsgiveren

Berekraftige Bømlo er vår visjon!

Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.



Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.




Raus – hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs

Modig – me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.

Engasjert – driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.


Pensjon


I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.


Forsikring


Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Sektor
Offentlig
Sted
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Bransje
Miljøtjenester
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Njål Gunnar Sletttebø
Stillingstittel
fagansvarleg landbruk, miljø og plan
Telefon
91 00 83 97
Følg firma
25 følger dette firmaet

Leirdalen 1, 5430 Bremnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 272904082
Sist endret 13. sep. 2022 15:09

Rapporter annonse