Utløpt

Fagsjukepleiar/Operasjonssjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Fagsjukepleiar/Operasjonssjukepleiar
Frist
23.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er ein av dei største klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus og har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytta til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, samt smertebehandling og palliasjon.

KK/auge-seksjonen gir operasjonssjukepleietenester til Kvinneklinikken innan fagområda obstetrikk og gynekologi. Vi søker ein operasjonssjukepleiar som har klinisk erfaring, gjerne innanfor nemde fagområde, som brenn for fagutvikling. Fagsjukepleiar operasjon skal bidra til å oppretthalde og forbetre kvaliteten i operasjons-sjukepleietenesta, ved å legge til rette for utvikling av kunnskap, ferdigheiter og haldningar, samt strategiarbeid knytta til førebuing til flytting av seksjonen til Glasblokkene i 2023. Du vil jobbe i team med våre andre fagsjukepleiarar og inngå i leiarteamet i seksjonen.
 
Vi er ein avdeling som preges av eit godt samhold og arbeidsmiljø, og vi har eit stort fokus på fagutvikling og forbetringsarbeid. Stillinga er ein dagtidsstilling, med moglegheit for arbeid på vakttid. 

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein pådrivar for fagutvikling i seksjonen
  • Vere aktivt ute i klinikk i opplæring, oppfølging og rettleiing av tilsette
  • Identifisere, og legge til rette for fagutvikling av dei tilsette
  • Planlegge og organisere fagdagar og internundervising
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg opphald i avdelinga
  • Rettleiie og støtte studentar og deira kontaktsjukepleiarar 
  • Kontaktperson for utdanningsinstitusjonar og leverandørar
  • Ansvar for utarbeiding og organisering av einingas fag og kompetanseplanar
  • Tett samarbeid med klinikkens fagutviklingssjukepleiar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning i operasjonssjukepleie
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar er ønskeleg
  • Kunnskapsbasert utdanning er ønskeleg
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
  • Du er fleksibel, endringsdyktig og løysingsorientert
  • Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
  • Du er selvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
  • Du liker å undervise enkeltvis og i grupper
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
  • Personleg egnethet vektlegges

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Spennande arbeidsplass
  • Moglegheiter for heimekontor
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Operasjon

Nøkkelord

Fagsjukepleiar,, fagsykepleier,, Operasjonssjukepleiar,, operasjonssykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marie Terkelsen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
90 09 43 64
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 272886162
Sist endret 13. sep. 2022 12:58

Rapporter annonse