Utløpt

Lærar - Nordbygda skule

Arbeidsgiver
Masfjorden kommune Oppvekst
Stillingstittel
Lærar
Frist
02.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Ledig lærarstilling ved Nordbygda skule i Masfjorden

Nordbygda skule er ein 1-10 skule med i overkant av 100 elevar skuleåret 2022-23. Skulen sitt motto er Kunnskap og Vennskap . Eit satsingsområde for skulen er å utforska korleis vi kan nytta digitale læremiddel på måtar som støttar opp om måla i dei nye læreplanane. Masfjorden kommune er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Lokalmiljøet rundt Nordbygda skule er prega av eit aktivt organisasjonsmiljø med kulturskule, idrettsskule, fotballag, all-idrett, sjakk-klubb og skulemusikk.

 

Vi har ledig 100% fast undervisningsstilling, der ein del av stillinga vil vere knytt til undervisning i norskfaget på ungdomsskulen. Vi søkjer deg som kan vera med på å gjera dagen god for elevane våre og dei du jobbar saman med.

Søkarar utan formell pedagogisk utdanning kan verte vurderte for mellombels tilsetting.

 

Arbeidsoppgåver

-        Undervisning i klasse og mindre grupper.

-        Stillinga er knytt til undervisning på ungdomstrinnet.

 

Kvalifikasjonar

-        Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse frå universitet/høgskule, som kvalifiserer for undervisning i faget norsk på ungdomsskulen.

-        Det er ønskjeleg at du har god kunnskap i bruk av IKT og at du at du kan undervisa i faget kroppsøving.

 

Personlege eigenskapar

-        Du ønskjer bidra til elevane si faglege og sosiale utvikling.

-        Vi ser etter deg som kan inspirere, motivere og engasjere elevar.

-        Du har gode samarbeidsevner, og kan bidra til eit lærande fellesskap i kollegiet.

 

Vi tilbyr

-        Løn etter kvalifikasjonar.

-        Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

-        Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.

 

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Geir Follesø: tlf. 45602198

 

I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest.

Om arbeidsgiveren

Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, men øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.

Sektor
Offentlig
Sted
Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

lærar, lærer, skole, skule, norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Geir Follesø
Telefon
45 60 21 98
Følg firma
10 følger dette firmaet

Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 272769726
Sist endret 28. sep. 2022 11:48

Rapporter annonse