Feiarsvein 100 % vikar

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Øygarden brann og redning KF
Stillingstittel
Feiarsvein
Frist
02.10.2022
Ansettelsesform
Vikariat

Feiarsvein 100 % vikar, Øygarden brann og redning KF

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 000 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.


Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar.
Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Øygarden brann og redning KF (ØBR) er eit kommunalt føretak. Føretaket har eiga styre som rapporterer direkte til kommunestyret. ØBR er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes. Her held også førebyggjande avdeling til. Føretaket har om lag 60 heil- og deltidstilsette.

Om avdelinga:

Øygarden brann og redning KF førebyggjande avdeling har 9 medarbeidarar fordelt på to seksjonar. Seksjon for HMS tilsyn og opplæring, og seksjon for feiing og tilsyn. I tillegg kjem avdelingsleiaren og ev. lærlingar. Avdelinga driv eit aktivt brannførebyggjande arbeid for og i samarbeid med kommunen.

Arbeidsoppgåver:

  • Feiing og tilsyn med fyringsanlegg, hovudsakleg i heilårsbustader og fritidsbustader.
  • Produksjon og oppfølging av tilsynsrapportar.
  • Svare på faglege spørsmål på telefon og e-post.

Stillinga rapporterer til seksjonsleiar ved seksjon for feiing og tilsyn

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Sveinebrev som feiar/brannførebyggar
  • Erfaring med feiing og tilsyn med fyringsanlegg
  • Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner i norsk
  • Førarkort klasse B.

 Ønskjeleg med:

  • Erfaring i bruk av DM brann
  • Båtførarbevis

  Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • God skriftleg og munnleg norskkunnskap
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • Sørvisinnstilt
  • Normal god helse og fysikk (må ha mobilitet for arbeid på tak og stige)

Anna:

  • Tilsettinga gjeld fram til 01.07.2024.
  • Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest
  • Tiltreding etter avtale 

Vi tilbyr:                                                                                                    

  • Eit aktivt fagmiljø med faglege utfordringar
  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • fleksitidsordning
  • 2 timar trening i arbeidstida per veke
  • Treningsrom på arbeidsplassen
  • Løn som fagarbeidar stillingskode 6986
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 Kontakt:

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med seksjonsleiar Leif Reithaug på mob. 922 03 123, eller på e-post Leif.Reithaug@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Øygarden brann og redning er organisert som eit kommunalt føretak i Øygarden kommune. Føretaket har om lag 60 heil- og deltidstilsette, og har ansvar for brann- og redningsoppgåver for omlag 38 500 personar i Øygarden kommune i Vestland fylke.

Sektor
Offentlig
Sted
Tranesvegen 15, 5347 Ågotnes
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Annet
Stillingsfunksjon
Brannvern

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Leif Reithaug
Telefon
922 03 123
Følg firma
220 følger dette firmaet

Tranesvegen 15, 5347 Ågotnes

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 272268433
Sist endret 25. sep. 2022 22:33

Rapporter annonse