Utløpt

Feiarinspektør 100 % fast

Arbeidsgiver
Øygarden brann og redning KF
Stillingstittel
Feiarinspektør
Frist
25.09.2022
Ansettelsesform
Fast

Feiarinspektør 100 % fast Øygarden brann og redning KF

 Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 000 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.


Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar.
Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Øygarden brann og redning KF (ØBR) er eit kommunalt føretak. Føretaket har eiga styre som rapporterer direkte til kommunestyret. ØBR er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes. Her held også førebyggjande avdeling til. Føretaket har om lag 60 heil- og deltidstilsette.

 Om avdelinga:

Øygarden brann og redning KF førebyggjande avdeling har 9 medarbeidarar fordelt på to seksjonar. Seksjon for HMS tilsyn og opplæring, og seksjon for feiing og tilsyn. I tillegg kjem avdelingsleiaren og ev. lærlingar. Avdelinga driv eit aktivt brannførebyggjande arbeid for og i samarbeid med kommunen.

Arbeidsoppgåver:

  • Feiing og tilsyn med fyringsanlegg
  • Saksbehandling og oppfølging etter tilsyn og feiing med fyringsanlegg
  • Brannførebyggjande informasjon- og motivasjonsarbeid
  • Bidra aktivt i utvikling og forbetring av tenestene våre
  • Instruktør for lærlingar
  • Avløysar for seksjonsleiar i hans fråvære

Stillinga rapporterer til seksjonsleiar ved seksjon for feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Den som blir tilsett skal være avløysar for seksjonsleiar i hans fråvære og må difor ha evne og interesse for både praktisk- og administrativt arbeid.

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Sveinebrev som feiar/brannførebyggar
  • Erfaring med feiing og tilsyn av fyringsanlegg
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner i norsk
  • Førarkort klasse B
  • Gode datakunnskapar

 Ønskjeleg med:

  • Erfaring i bruk av DM brann
  • Båtførarbevis

 Personlege eigenskapar:

  • Evne til å kommunisere og bygge tillitsfulle relasjonar
  • Evne til å planlegge, prioritere og evaluere eiga arbeid
  • Evne til å tileigne seg ny kunnskap
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Positiv, initiativrik og sørvisinnstilt
  • Normal god helse og fysikk (må ha mobilitet for arbeid på tak og stige)

Anna:

  • Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest
  • Tiltreding etter avtale

Vi tilbyr:

  • Eit aktivt fagmiljø med faglege utfordringar
  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksitidsordning
  • Løn som feiarformann, stillingskode 7004
  • 2 timer trening i arbeidstida pr. veke
  • Treningsrom på arbeidsplassen
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontakt:

For spørsmål om stillinga ta kontakt med seksjonsleiar Leif Reithaug på mob. 922 03 123/

e-post Leif.Reithaug@oygarden.kommune.no , eventuelt leiar førebyggjande avdeling Ove Geir Stusdal på mob. 480 23 317/ove.stusdal@oygarden.kommune.no.

 

 Øygarden brann og redning har for tida og ledig stilling som brannkonstabel ved beredskapsavdelinga. Det er mogeleg å ha deltidsstilling i tillegg til heiltidsstilling som feiarinspektør. Det må sendast eigen søknad på stillinga som brannkonstabel.

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Øygarden brann og redning er organisert som eit kommunalt føretak i Øygarden kommune. Føretaket har om lag 60 heil- og deltidstilsette, og har ansvar for brann- og redningsoppgåver for omlag 38 500 personar i Øygarden kommune i Vestland fylke.

Sektor
Offentlig
Sted
Tranesvegen 15, 5347 Ågotnes
Bransje
Annet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Brannvern

Nøkkelord

Feiar, brannførebyggjar, brann, feier, brannvesen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Leif Reithaug
Telefon
922 03 123
Følg firma
220 følger dette firmaet

Tranesvegen 15, 5347 Ågotnes

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 272265120
Sist endret 8. sep. 2022 15:48

Rapporter annonse