Utløpt

Innhaldsrik stilling i eit godt miljø.

Arbeidsgiver
NHBR, Operativ avdeling
Stillingstittel
Konsulent - 100% vikariat - NHBR
Frist
26.09.2022
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Eining:

Nordhordland brann og redning ( NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149 km2, har 33.000 innbyggjarar. NHBR har Equinor Mongstad i sitt område, som er ein av dei største olje- og produkthavnane i Europa. Vi har 5 brannstasjonar og to depot. Knarvik stasjon har dagkasernering, medan dei andre stasjonane har deltidsberedskap med og utan vaktordning.

Vi har no ledig eit vikariat i 100% som konsulent ved Operativ avdeling. Vikariatet varer til 31.12.23. Innan vikariatet er utløpt vil det bli vurdert om stillinga skal bli permanent. Vi ønskjer tiltreding i vikariatet snarast råd.

Arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett vil få ansvar for dei fleste kontoradministrative oppgåver ved avdelinga i tett samarbeid med leiar. Eksempel på slike kan vere:

  • Informasjon og kontakt mot deltidsstyrken
  • Informasjon og kontakt mot innbyggjarane og samarbeidspartar
  • Lønnsoppgåver
    • Arbeid i systemet Gat
    • Inntak av mannskap på vakt
    • Svare på spørsmål kring lønn
  • Fakturering
  • System for oppfølging av diverse utstyr, samt oppretting av system
  • Oppfølging av blant anna helsekontroll, kompetansematrise, sertifikat, dokumentasjonskvav og andre lovkrav knytt til operativ avdeling
  • Arbeid i Websak
  • Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga

Ønskt kompetanse:

  • God kjennskap til kommunale system
  • God systemforståing
  • Gode ferdigheiter på digitale verktøy
  • God oppfølgingsevne
  • Likar høgt arbeidstempo
  • Trivast med å jobbe med mange oppgåver på same tid
  • God kommunikasjonsevne

Stillinga vil innebere utstrakt kontakt med andre: Intern kontakt med mannskap, men også utadretta kontakt med innbyggjarar og NHBR sine samarbeidsaktørar. Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Svært varierte oppgåver
  • Ein sentral stilling med stor kontaktflate
  • Hyggelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø   
  • Lønn i samsvar med lov - og avtaleverk

Slik søker du

Er dette noko for deg? Då høyrer vi gjerne frå deg. Trykk knappen "send søknad".  

 

Om arbeidsgiveren

Nordhordland brann og redning (NHBR) er eit felles brannvesen for 5 kommunar i Nordhordland. NHBR er organisert med tre avdelingar. Det er avdeling for feiing og bustadtilsyn, operativ avdeling og førebyggande avdeling. Førebyggjande avdeling har ansvar for 7 kommunar og heiter Nordhordland og Gulen Interkommunale brannførebyggjande avdeling (NGIB). Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Gulen, Austrheim, Modalen, Masfjorden, Fedje, Solund og Alver, der Alver er vertskommune for avdelinga. Avdelinga har 5 tilsette som dekkjer kommunane i samarbeidet.

Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhusmyrane 41, 5911 Alversund
Bransje
Annet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Annet,
Kontor og administrasjon

Nøkkelord

sekretær, administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunn-Torhild Ramslien
Telefon
45 44 03 23
Følg firma
413 følger dette firmaet

Kvernhusmyrane 41, 5911 Alversund

Annonseinformasjon

FINN-kode 272241321
Sist endret 8. sep. 2022 11:28

Rapporter annonse