Utløpt

Ingeniørgeolog

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Ingeniørgeolog
Frist
09.10.2022
Ansettelsesform
Fast

Avdelinga for Infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune skal sikre ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Vi skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på. Avdelinga jobbar for framkome og trafikktryggleik for alle trafikantar på våre fylkesvegar.

Planlegging og utbyggingsseksjonen har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Seksjonen dekker fagområda planlegging, prosjektering, grunnerverv, geomatikk, geologi, geoteknikk, vegteknologi og utbygging.

Eininga geo og skred består av eit kompetansemiljø innan fagområda geoteknikk, geologi, vegteknologi, skred og teknisk teikning. Vårt fagmiljø har i dag 6 geoteknikarar, 6 geologar, 2 vegteknologar og 1 teknisk teiknar som er fordelt på kontorstadane Leikanger og Bergen. Vi utfører oppgåver knytta til heile fylkesvegnettet si levetid, frå tidleg planfase til utarbeiding av konkurransegrunnlag samt oppfølging under bygging og vidare inn i drift- og vedlikeholdsfasen. Å ha god kunnskap om dei geotekniske, ingeniørgeologiske og vegtekniske forholda er svært viktig med tanke på valg av dei riktige løysingane når ein planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld våre fylkesvegar.

For å styrke vårt fagmiljø søkjer vi no etter ingeniørgeolog med fagretning innan bergteknikk og bergmekanikk til vårt kontor i Bergen.

Arbeidsoppgåver

Som ingeniørgeolog vil du få mogelegheiten til å ta del i større tverrfaglege prosjekt og samstundes jobbe sjølvstendig med mindre oppdrag. Du vil få stort ansvar med utfordrande, interessante, varierte og sjølvstendige oppgåver innan fagområde.

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Ingeniørgeologisk prosjektering og rådgjeving som legg grunnlaget for valg av gode løysingar i alle planfasar, under bygging og innan drift og vedlikehold.
  • Ingeniørgeologisk oppfølging og kontroll under bygging.
  • Kartlegging av skredområder og planlegging av sikringstiltak.
  • Bidra ved akutte skredhendingar på veg med faglege vurderingar og bistand.
  • Delta i utviklingsarbeid innan fagområdet.

Kvifor søkje jobb hjå oss:

Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar i eit av dei fremste geofaglege miljøa i regionen der du vil få meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver med mykje ansvar. Arbeidsmiljøundersøkelsar syner at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar som trivst saman på jobb og utfordrar kvarandre fagleg. Me har eit sterkt fagmiljø som er gode på kunnskapsdeling og inkludering, og det er gode mogelegheiter for både fagleg og personleg utvikling.

I Vestland Fylkeskommune har vi fleksibel arbeidstid, gode forsikrings- og pensjonsvilkår og er tilslutta bedriftshelsetjeneste.

Vi flyttar inn i nytt, moderne og framtidsretta bygg midt i Bergen sentrum i februar 2023 - noko vi ser fram til!

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein engasjert person som har utdanning frå universitet eller høgskule på masternivå innan fagområde ingeniørgeologi med fagretning bergteknikk/bergmekanikk. Vi vil også legge vekt på at vedkommande har erfaring innan modellering og har god kjennskap til programvarer som Ramms, Argcis og Rocscience.
Det er ønskjeleg med god relevant praksis og minimum 5 års erfaring frå det aktuelle fagområde.
God norsk munnleg og skriftleg framstilling er eit krav, og du må i tillegg ha førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Som medarbeidar på geo og skred forventar vi at du har gode samarbeidsevner, kan utføre dine arbeidsoppgåver på ein sjølvstendig og systematisk måte, har stå-på-vilje, deler kunnskapar med dine kollegaer, samt god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne. Vi ønskjer at du er initiativrik og modig, samt engasjert og resultatorientert - og at du vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar for eininga geo og skred Stein Olav Njøs på telefon; 95191855.

Vi tilbyr

  • Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod stilling.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi,
Annet

Nøkkelord

Ingeniørgeolog,, Ingeniør,, Geolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stein Olav Njøs
Stillingstittel
leiar
Telefon
95 19 18 55
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 271161712
Sist endret 25. sep. 2022 18:59

Rapporter annonse