Utløpt

Ålesund brannvesen KF

Arbeidsgiver
Ålesund brannvesen KF
Stillingstittel
Branningeniør
Frist
18.09.2022
Ansettelsesform
Fast

Arbeidsoppgåver

Stillinga skal arbeide aktivt mot å førebygge brann i kommunen.

Arbeidet i seksjonen er delt inn i fagområde, der den einskilde tilsette har ansvar for oppfølging og evaluering av sine område. Til denne stillinga vil følgjande fagområde kunne vere aktuelle (med atterhald om endringar):

  • Brannetterforsking og evaluering etter større hendingar
  • Farleg stoff/vare
  • Store arrangement
  • Risikostyring og diverse analysearbeid

I tillegg vil stillinga omfatte anna førebyggande arbeid som til dømes:

  •  Vidareutvikling av system for risikobasert brannførebygging
  •  Informasjons- og opplæringstiltak for verksemder og publikum
  •  Tilsyn i særskilte brannobjekt
  •  Deltaking i ulike kampanjar med mål om å redusere risiko for og ved brann
  •  Anna førefallande arbeid

Kvalifikasjonar

  • Relevant bachelor- eller mastergrad for stillinga
  • Erfaring med risikoanalysar og/eller anna analysearbeid er ein fordel
  • Ønskjeleg med god kjennskap til regelverk og standardar innanfor brannsikkerheit
  • Anna relevant utdanning og arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet

Førebyggande personell skal ha gjennomført yrkesutdanning i førebyggande brannvern. Om den som blir tilsett ikkje har gjennomført slik utdanning frå før, vil dette bli gitt etter tilsetjing.

I tillegg må kandidaten:

  • Ha førarkort kl. B
  • Vere personleg eigna for stillinga
  • Politiattest må framleggast ved tilbod om stilling

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig
  • Strukturert
  • Engasjert
  • Omgjengeleg
  • Resultatorientert
  • Initiativrik
  • God samarbeidsevne
  • Serviceinnstilt med positiv haldning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi tilbyr

  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Dekt arbeidstøy
  • Trening i arbeidstida med gode fasilitetar
  • Ein fri og sjølvstendig arbeidskvardag
  • Gode moglegheiter for vidareutvikling gjennom kurs og utdanning
  • Løn og pensjon etter gjeldande avtaleverk
  • Ein trygg og sikker jobb i ei verksemd i utvikling

Stillinga er underlagt uniformsplikt etter eige uniformsreglement.

Om arbeidsgiveren

Ålesund brannvesen KF er det største brannvesenet på Nordvestlandet med ansvar for at nær 85.000 menneske har ein trygg og sikker kvardag.

Førebyggande avdeling skal hjelpe næringslivet og innbyggarar med å førebygge brann og ulukker. Avdelinga har for tida ei ledig stilling som branningeniør i seksjon førebyggande. Om du er den rette personen, kan du vere med å styrke den brannførebyggande innsatsen vi til ei kvar tid gjer.

Vi ønskjer å vere ei gjenspegling av samfunnet for å nå ut til flest mogleg av innbyggarane våre. Vi oppfordrar derfor kvinner og personar med minoritetsbakgrunn til å søke.

Sektor
Offentlig
Sted
Sjømannsvegen 1B, 6008 Ålesund
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Politi og sikkerhet,
Annet
Stillingsfunksjon
Brannvern,
Ingeniør / Brannsikkerhet,
Sikkerhet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øystein Bjørkavåg
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Mobil
48 01 89 29
Kontaktperson
Helge Johan Berg
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Mobil
41 36 65 10
Følg firma
111 følger dette firmaet

Sjømannsvegen 1B, 6008 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 270581709
Sist endret 7. okt. 2022 09:20

Rapporter annonse