Medarbeider skiskule vintersesong 2022/2023
Voss Resort AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sesongmedarbeidarar skiskule, skileige og skiservice
Bli kjent med Voss Resort AS
Vil du jobba i Norges beste skiterreng? Me søkjer sportye og engasjerte uteglade jenter og gutar komande vintersesong. Voss Resort Skiskule- Skileige AS har ledige sesongbaserte stillingar frå desember til april. Me har to avdelingar i Voss Resort; Bavallen og Hangurstoppen. Hjå oss er du er vårt ansikt utad. Du må trivast med folk, kunne by på deg sjølv, vera løysingsorientert, sjølvstendig og vera ein god lagspelar. Me søkjer deg som er god på ski eller brett, liker å vera ute i ver og vind, har glimt i auga og som ynskjer å skape gode opplevingar saman med gjestene våre.
Til vintersesongen 2022/2023 søkjer Voss Resort Skiskule- Skileige AS
- Skiinstruktørar innan; alpint, langrenn, randonee, snowboard og park/jibbing
- Alle instruktørar må vera sertifisterte skiinstruktørar frå ISIA, IVSI, DNS eller tilsvarande
- Medarbeidarar til skiskulen og skileige
- Medarbeidarar med kompetanse og interesse for skiservice
- Må vera over 18 år
- Gode språkkunnskaper i engelsk, gjerne hollandsk
Me tilbyr ein sosial kjekk arbeidsstad i ein spanande og hektisk bransje. Her får du hyggelege uteglade kollegaer med mykje godt humør. Stillingane er heiltid eller deltid innanfor sesongen, med turnusarbeid på kveld, helger og i feriar.
Dei fleste deltidsstillingane er arbeid i helger og feriar, som kan kombinerast med studier.
Obs, hugs å presiser kva stilling du søkjer i søknaden din og kva nivå sertifisering du har innan skiinstruksjon.
Om arbeidsgiveren
Voss Resort er eit av landets største skianlegg med ein lang og stolt tradisjon. Det er investert nær 400 millioner kroner i heisar og nedfarter dei siste åra. Voss Gondol og Hangurstoppen restaurant opna sommaren 2019. Ny 6-setar ekspressheis på Tråstølen opnar desember 2022. Voss Resort er ein av Noregs beste heilårsdestinasjonar, med aktivitet året rundt.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 10
- Sted: Evangervegen 3, 5704 Voss
- Bransje: Event og arrangementer, Idrett og trening, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Kurs og opplæring, Trener / Personlig trener
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
skiinstruktør, skianlegg, skiservice, butikkmedarbeider, skiutleie
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 270218491
- Sist endret



