Utløpt

Rådgjevar landbruk i Norges friluftshovudstad

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune
Stillingstittel
Rådgjevar landbruk i Norges friluftshovudstad
Frist
04.09.2022
Ansettelsesform
Fast

Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen. 


Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.


Tar du utfordringa?


100% fast stilling som rådgjevar landbruk


Stillinga ligg til verksemd for Landbruk og havbruk. Verksemda er no slått saman med verksemd for Byggesak, kart og oppmåling med felles leiar. Verksemda har i dag totalt 13 tilsette, og det er kontorfasilitetar i Odda, Jondal og Kinsarvik. Ein vil vere fleksibel i høve til arbeidsstad. 


Arbeidsoppgåver:

Landbrukskontoret har ansvaret for alle saker som gjeld landbruk. Dette gjeld mellom anna tilskotsordningar innan jord-og skogbruk, og saker som gjeld jordvern, eigedomsoverdraging, næringsutvikling, tilleggsnæringar og miljøsaker knytt til landbruk.


Oppgåvene til dei tilsette ved kontoret varierer avhengig av kompetanse, interesser og aktuelle saker.


Ynskte kvalifikasjonar:

  • Relevant landbruksfagleg utdanning frå høgskule/universitet.
  • Erfaring frå sakshandsaming i offentleg administrasjon er ønskeleg.
  • Kjennskap/ erfaring til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda.
  • Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon.
  • Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk.


Eigenskapar:

  • Ynskje om å delta aktivt i utviklinga av den nye kommunen.
  • Evne til å arbeida systematisk.
  • Gode gjennomføringsevner.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Fleksibilitet og positiv innstilling.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø.
  • Løn etter avtale.
  • Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse.
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trygve Vik
Stillingstittel
Verksemdsleiar
Mobil
90 06 97 59
Følg firma
71 følger dette firmaet

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 269523689
Sist endret 29. sep. 2022 09:00

Rapporter annonse