Utløpt

Vil du jobbe med ein av verdas sterkaste merkevare? Nå har du moglegheita!

Arbeidsgiver
Toyota Voss AS
Stillingstittel
Me søkjer ein dyktig kunderådgjevar
Frist
30.06.2023
Ansettelsesform
Fast

Me søkjer ein kvalifisert og motivert kunderådgjevar til Toyota Voss.

Me held til på Palmafossen og har ny flott moderne butikk og verkstad, i europeisk Toyota standard. Me håpar du vil vera med på laget vårt.

I stillingen vil du læra Toyota å kjenna. Du vil bli kjend med Toyota sin servicefilosofi, som krev at alle tilsette har kundeservice i hjarta og hovudet.

Arbeidet vil bestå av:

  • Kunderettleiing og oppfølging
  • Sal av verkstadtenester
  • Logistikk og varemottak

Me søkjer deg som brenn for gode kundeopplevingar. Du er god på å sjå behov og finna dei riktige løysingane for kundane. Du trivst med å vere ein lagspiller, men du har og driv og engasjement i sjølvstendig arbeid.

Du har relevant erfaring og har lukkast med å gjera kundereisa god, gjerne røynsle frå bilverksemd men ikkje eit krav. Du veit kor avgjerande kvalitet og god service er. Du er omgjengeleg, løysingsorientert og glad i menneske.

Hjå oss legg me stor vekt på et godt arbeidsmiljø, verdset høgt personlege eigenskapar som godt humør, positiv innstilling og god samarbeidsevne. Me tilbyr konkurransedyktige vilkår med pensjons- og forsikringsordning, gode arbeidstilhøve og godt miljø. Me har bedriftshelseteneste og firmahytte.

Om arbeidsgiveren

Toyota Voss AS er ein del av Jæger Automobil AS som er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet er lokalisert i Bergen, Sotra, Voss Norheimsund, Haugesund, i Lindås og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsern har 240 tilsette og ein årleg omsetnad på 1,5 milliard kroner. Jæger-kundar er særs godt nøgde og har bidrege til selskapet sin leiande marknadsposisjon i Vest Noreg. Kvalitet og stadig betring er grunnpilarar i Jæger og Toyota sin filosofi. Me set oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir nøgde. Toyota er det suverent mest kjøpte bilmerket gjennom tida i Vestland fylke.
Toyota er ein av verdas største og mest respekterte bilprodusent og er leiande på miljøteknologi og forsking

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Tjukkebygdvegen 9, 5706 Voss
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted
Stillingsfunksjon
Kundeservice,
Logistikk og lager

Nøkkelord

kunderådgjevar, toyota, verkstad, kunderettleiing

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Senderud
Stillingstittel
Dagleg Leiar
Telefon
56 52 30 24
Mobil
91 11 13 53
Følg firma
42 følger dette firmaet

Tjukkebygdvegen 9, 5706 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 269260359
Sist endret 21. jul. 2023 15:48

Rapporter annonse