Utløpt

Faste stillingar som vernepleiar og sjukepleiar. Felles utlysing for Divisjon psykisk helsevern

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Faste stillingar som vernepleiar og sjukepleiar. Felles utlysing for Divisjon psykisk helsevern
Frist
01.09.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Helse Bergen er Vestlandets største og viktigste arbeidsplass og treng dyktige og engasjerte sjukepleiarar som kan jobbe ved avdelingar innan Divisjon Psykisk helsevern.

Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester. 

Som hovudregel får våre pasientar behandling ved eit lokalt distriktspsykiatrisk senter (vaksne) eller ved ein lokal barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. I tillegg finst eit sjukehustilbod for dei som har behov for særleg spesialiserte behandlingstilbod. Les meir på våre nettsider  

  • Pykiatrisk klinikk søkjer sjukepleiar til 100% faste stillingar ved Psykiatrisk akuttmottak PAM2. Todelt turnus (dag/aften) med kvar tredje helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.   
    • Bemanningssenteret i Helse Bergen søkjer vernepleiar og sjukepleiar til 100% faste stillingar for oppdrag ved ulike avdelingar i sjukehuset


    Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss vil du få moglegheit til å jobbe på eit begrensa tal av avdelingar, og moglegheit til å lage din eigen årsturnus. Vi har fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet. Velkommen på laget :) 

    Psykiatrisk Akuttmottak (PAM) Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gjev akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagd tvungent psykisk helsevern.

    På sengepostane (PAM 1/PAM 2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gje raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM 2 er ein lukka post med 10 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.

    Vi treng deg som har lyst på ein utfordring innan akuttpsykiatri!

    Kontakt: Urd Hege Loftesnes, Tlf. 93485950

    Kvalifikasjonar
      • Du har norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar
      • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel og det er ein føresetnad at du er personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa
      • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg 

      Vi tilbyr

      • Ein spennande og utfordrande jobb og eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
      • Fagutvikling, internundervising og opplæring i MAP
      • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
      • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar

      Om arbeidsgiveren

      Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

      Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

      Sektor
      Offentlig
      Antall stillinger
      4
      Sted
      Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
      Bransje
      Helse og omsorg
      Stillingsfunksjon
      Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
      Sykepleier

      Nøkkelord

      vernepleiar,, vernepleier,, sjukepleiar,, sykepleier,, psykiatr,

      Spørsmål om stillingen

      Kontaktperson
      Karina Vorland Løvstad
      Stillingstittel
      Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret
      Telefon
      92 46 30 92
      Følg firma
      2251 følger dette firmaet

      Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

      Annonseinformasjon

      FINN-kode 269169291
      Sist endret 15. aug. 2022 14:20

      Rapporter annonse