Utløpt

Kundekonsulent til Kundesenteret

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
IT-Konsulent til Kundesenteret
Frist
29.08.2022
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Vi ser etter folk med erfaring innan kundeservice og IT til kundesenteret vårt. Om du har funne din lidenskap i å løyse datafrustrasjonar, eller om du vil ha eit springbrett inn i Vestlandets største IT-selskap, så er det hit du skal.

Vårt kundesenter er både ein utfordrande og variert base, men òg ein gylden billett for dei av våre konsulentar som vil auke spisskompetansen sin.

Som konsulent ved Kundesenteret gir du førstelinje-brukarstøtte til alle pc-brukarar i Helse Vest, i eit miljø drive av resultat og suksessgrad. Oppdraga kjem inn via telefon, e-post og web, og målet er å svare minst 80 prosent av samtalane innan eitt minutt, og alle web-skjema innan éin time. Kundesenteret er ein høgkompetent servicedesk som løyser to av tre oppdrag ved fyrste kontakt, og nyttar ITILs Incident Management process.

Kundesenteret er ope 24/7, følgeleg må noko arbeid på natt, kveld og helg påreknast.

Varigheit: 12 månadar.

 Søknadar utan vitnemål eller attestar blir ikkje vurderte.

Arbeidsoppgåver

- Teknisk support  og veiledning over telefon
- Feilsøking på utstyr og programvare via fjernstyring
- Dokumentere/logge alle henvendelser i vårt saksbehandlingssystem

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå brukarstøtte/kundekontakt
  • God kjennskap til Windows 10, og generell feilsøking
  • Krav til flytande norsk munnleg og skriftleg
  • IKT-fagleg utdanning

Personlege eigenskapar

  • har interesse for brukarstøtte
  • er målretta og resultatorientert
  • har gode samarbeidsevner, evne til å arbeide i team
  • er initiativrik og evne til å arbeide sjølvstendig
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er pålitelig
  • kan jobbe strukturert med dokumentasjon 

Vi tilbyr

  • Alltid nye og utfordrande problemstillingar
  • Høgt fokus på personleg og fagleg utvikling 
  • Motiverte, inkluderande og kunnskapsrike kollegaer
  • Godt sosialt miljø, med eigen kaffiklubb
  • Kraftige og gode arbeidsverktøy 
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 670 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Edvard Griegs vei 3, 5052 Bergen
Bransje
IT,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / IT-support

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Johannes Andre Hilland
Stillingstittel
Ass. Seksjonsleiar
Telefon
95 23 11 83
Kontaktperson
Thomas Yrvin
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
99 55 80 21
Følg firma
827 følger dette firmaet

Edvard Griegs vei 3, 5052 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 268590546
Sist endret 10. aug. 2022 14:21

Rapporter annonse