Klar for nye eventyr i Hardanger og på Voss? Me søkjer deg!

Arbeidsgiver
Hardanger og Voss Næringshage
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå rådgjeving og innsal gjerne frå liknande verksemd
  • Kompetanse innan digitalisering eller bærekraft
  • Sterke analytiske ferdigheiter og evne til å forstå ulike forretningsmodellar og prosessar.
  • Gode kommunikasjons- og presentasjonsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og som del av eit lag

Drøymekandidaten vår er dessutan påliteleg, fleksibel, løysingsorientert og nytenkjande. Likar å besøka kundar ulike stader i regionen. Du brenn for å motivera, inspirera og utvikla både deg sjølv, kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar.

Ansvarsområder

  • Med utgangspunkt i ei forståing for kundane sine forretningsmodellar og behov, skal du kunne tilby rådgjevingstenester og løysingar som er tilpassa desse.
  • Samarbeida tett med rådgjevarteamet og våre partnarar for å sikra at våre leveransar er i tråd med kundane sine forventningar
  • Inngå og vedlikehalde avtalar med både nye og eksisterande kundar.
  • Identifisera og utvikla nye forretningsmoglegheiter
  •  Delta aktivt på nettverksmøter, kurs og kompetansehevande arrangement som me arrangerer for kundane våre.

Saman skal vi:

  • Vidareutvikla, synleggjere og marknadsføra Hardanger og Voss regionen
  • Bidra til tettare samspel med eit bredt næringsliv og verkemiddelapparatet som eit koplande organet i regionen vår


Hjå oss får du

-         Viktig stilling i organisasjonen, med inspirerande og varierte arbeidsoppgåver

-         Stor innverknad på eigen arbeidskvardag og utvikling

-         Stort regionalt og nasjonalt nettverk

-         Konkurransedyktige vilkår og noko fleksible arbeidstidsordningar

-         Gode helse- og personalforsikringar

Optimale føresetnader for å finna den perfekte balansen mellom inspirerande jobb og opplevingsrik fritid.

Om arbeidsgiveren

Hardanger og Voss Næringshage utviklar verksemder, menneske, draumar og idear. Me er så heldige å få jobba med vekst og utviklingsprosessar gjennom nasjonalt Næringshageprogram, samt ulike prosjekt i eit av dei mest spektakulære fjord- og fjellområda i heile Noreg! No veks me, så her ligg ei unik moglegheit for den neste kollegaen vår – glødande motivert og dyktig. Med deg på laget har du engasjerte og fagleg sterke kollegaer. Primærkontor vil vere i Øystese, men ein må pårekne ein del reising.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Sjusetevegen 27, 5610 Øystese
Flere arbeidssteder
  • Evangervegen 3, 5700 Voss
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

næringsliv, næringsutvikling, strategiutvikling, bedriftsrådgivning, endringsprosesser

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigmund Vereide
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
90 07 08 48
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
20 følger dette firmaet

Sjusetevegen 27, 5610 Øystese

Annonseinformasjon

FINN-kode 268289743
Sist endret 15. mai 2024 14:33

Rapporter annonse