Utløpt

Vil du bli vår nye farmasøytkollega?

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Vil du bli vår nye farmasøytkollega?
Frist
22.08.2022
Ansettelsesform
Fast

Sjukehusapoteka Vest HF (SAV) er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.
Foretaket har ei årleg omsetning på omlag 1,3 milliard kroner, har sterkt aukande aktivitet og er i teknologisk front med elektroniske løysingar.

Ved Sjukehusapoteket i Haugesund har vi fire avdelingar; publikumsapotek, produksjonsavdeling, sjukehusekspedisjon og avdeling for farmasøytiske tenester. Vi er totalt 32 ansatte, 15 farmasøyter og 17 apotekteknikarar. 
Ein av våre kollegar har fått nye muligheter internt og vi søker nå ein ny farmasøyt som ønsker seg faglege utfordringer og eit hyggeleg arbeidsmiljø. 
Kva avdeling ein starter i kjem an på kompetanse og tidlegare erfaring samt ei heilskapleg vurdering av behovet i apoteket. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåva kjem an på hvilken avdeling ein startar i. Gjennomgående for alle avdelingane er;

  • Kundekontakt
  • Samarbeid med helsepersonell internt og eksternt
  • Handtering av ordre og reseptar
  • Logistikk/varehandtering
  • Bruk av digitale/teknologiske verktøy i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonar

  • Cand pharm./Master i farmasi
  • Du har godkjent norsk autorisasjon som provisorfarmasøyt
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel og ansvarsfull
  • Du arbeider nøyaktig og er opptatt av kvalitet i arbeidet
  • Du trivs i eit hektisk miljø og taklar stressande periodar
  • Du er opptatt av å bygge gode relasjoner og samarbeid på tvers av fagområder
  • Du har interesse for bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode kollegar i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 

Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

 

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,3 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.


Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 



Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Bransje
Farmasi og legemiddel
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Farmasøyt

Nøkkelord

farmasi;, legemiddel;, apotek;

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lene Svanberg Jakobsen
Stillingstittel
Apoteker
Telefon
98 84 52 65
Kontaktperson
Linn Marie Sjøvold
Stillingstittel
HR-rådgiver
Følg firma
196 følger dette firmaet

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 268279512
Sist endret 16. aug. 2022 10:32

Rapporter annonse