Utløpt

Seksjonsleiar "Drift- og støttesystem"(nyoppretta seksjon)

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Seksjonsleiar Drift- og støttesystem (nyoppretta seksjon)
Frist
21.08.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Helse Vest IKT forvaltar både kliniske og administrative systemløysingar for alle helseføretaka i Helse Vest. Dette inkluderar alt frå store komplekse regionale system til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er svært kritiske i pasientbehandlinga og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet.

Avdeling Tenesteutvikling er ein av 6 avdelingar i Helse Vest IKT. Vi bidrar med forvalting og vidareutvikling av ei rekkje systemområder i Helse Vest. Avdelinga har per i dag 4 seksjonar – Journalsystem, Kliniske system, Administrative system og LIBRA-forvalting. Vi skal no opprette ein ny seksjon for å handtere aukande oppdragsmengd, etablere nye tenester og fordele enkelte ansvarsområder frå andre seksjonar. 

Seksjonen vil få ansvar for forvaltning av ei rekkje små og mellomstore system som blir nytta på sjukehusa i Helse Vest. Helse Vest IKT er også bedt om å overta ansvar for mange nye system som helseføretaka driftar lokalt i dag. Dette inkluderer løysingar i grenselandet opp mot medisinsk-teknisk utstyr og anna teknisk infrastruktur. I tillegg er det utstrakt byggeaktivitet i heile Helse Vest som vil resultere i innføring av fleire nye IKT-system. 

Seksjonsleiar vil ha fagleg og personalmessig oppfølging av medarbeidarane i seksjonen. Seksjonsleiar rapporterer til avdelingsleiar for Tenesteutvikling som inngår i leiargruppa i Helse Vest IKT.

Arbeidsstad: Bergen, Stavanger, Førde eller Haugesund

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing- og fagleg koordinering av seksjonen
  • Bidra til seksjonen/avdelinga si måloppnåing og vidareutvikling. Aktiv deltaking i avdelinga si leiargruppe.
  • Personalansvar for medarbeidarar i seksjonen. Fag- og resultatansvar. Økonomi- og budsjettoppfølging
  • Ansvar for eit oppdatert fagleg kompetansemiljø i seksjonen, inkludert kompetanseutvikling og rekruttering. 
  • Kontinuerlig fokus på forbetring og effektivitet i drift- og leveranseprosessar.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad innan IKT-fag eller liknande
  • Erfaring med drift og forvaltning av IKT-løysingar er ein fordel
  • Leiarerfaring og erfaring med personalansvar
  • God IT- forståing og interesse for bruk av digitale verktøy i arbeidet
  • Språknivå tilsvarande C1 (gjelder ikkje søkarar med skandinavisk språk som morsmål)

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er en lagspelar, gir tilsette tillit, og legg til rette for at dei får brukt- og utvikla sin kompetanse
  • er resultatorientert, bidreg til å sette klare mål og har god gjennomføringsevne
  • samarbeider og kommuniserer godt med øvrig leiing, tilsette og ulike fagmiljø
  • brukar tilbakemelding frå kunde/brukar til å forbetre kvaliteten på teneste og prosess
  • gir retning og motiverer andre til samarbeid og samhandling

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande stilling i ein organisasjon i endring og vekst
  • Muligheit for å kunne påverke utviklinga i en viktig- og meiningsfull sektor
  • Eit godt tverrfagleg- og kompetent arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidsordning
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Sektor
Offentlig
Sted
5096 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 4021 Stavanger
  • 6800 Førde
  • 5527 Haugesund

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ørjan Andersen
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
95 43 64 62
Følg firma
827 følger dette firmaet

5096 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 267907580
Sist endret 5. aug. 2022 13:52

Rapporter annonse