Utløpt

Seksjonsleiar Journalsystem

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Seksjonsleiar Journalsystem
Frist
21.08.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Helse Vest IKT forvaltar både kliniske og administrative systemløysingar for alle helseføretaka i Helse Vest. Dette inkluderar alt frå store komplekse regionale system til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er svært kritiske i pasientbehandlinga og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet 24/7, året rundt.

Avdeling Tenesteutvikling er ein av 6 avdelingar i Helse Vest IKT. Vi bidrar med drift, forvalting og vidareutvikling av ei rekkje systemområder i Helse Vest. Avdelinga har per i dag 4 seksjonar – Journalsystem, Kliniske system, Administrative system og LIBRA-forvalting.

Seksjon Journalsystem består i dag av 40 medarbeidarar og har ansvar for forvaltning av fleire store journalsystem som dagleg blir brukt av mange tusen brukarar i helseføretaka. Dette inkluderer hovudjournalsystemet DIPS, med fleire tilhøyrande kliniske fagapplikasjonar. Utdanningsnivået i seksjonen er allsidig med både IT-ingeniører og personell med ulik helsefagleg bakgrunn. 

Seksjonsleiar vil ha ansvar for fagleg og personalmessig oppfølging av medarbeidarane i seksjonen. Seksjonsleiar rapporterer til avdelingsleiar for Tenesteutvikling som inngår i leiargruppa i Helse Vest IKT.

Helse Vest IKT er ein organisasjon i stadig utvikling og endringar i organisasjonen kan forventast. Det er vekst innanfor seksjonen sitt ansvarsområde, noko som utfordarar storleiken på eininga. Vi vil i tida framover vurdere korleis oppgåver kan bli fordelt mellom fleire seksjonar og avdelingar. 

 

Arbeidsstad: Bergen, Stavanger, Førde eller Haugesund

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing- og fagleg koordinering av seksjonen.
  • Bidra til seksjonen/avdelinga si måloppnåing og vidareutvikling. Aktiv deltaking i avdelinga si leiargruppe.
  • Personalansvar for medarbeidarar i seksjonen. Fag- og resultatansvar. Økonomi- og budsjettoppfølging
  • Ansvar for eit oppdatert fagleg kompetansemiljø i seksjonen, inkludert kompetanseutvikling og rekruttering. 
  • Kontinuerlig fokus på forbetring og effektivitet i drift- og leveranseprosessar.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad innan IKT-fag eller liknande
  • Erfaring med drift og forvaltning av IKT-løysingar er ein fordel
  • Leiarerfaring og erfaring med personalansvar
  • God IT- forståing og interesse for bruk av digitale verktøy i arbeidet
  • Språknivå tilsvarande C1 (gjelder ikkje søkarar med skandinavisk språk som morsmål)

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er en lagspelar, gir tilsette tillit, og legg til rette for at dei får brukt- og utvikla sin kompetanse
  • er resultatorientert, bidreg til å sette klare mål og har god gjennomføringsevne
  • samarbeider og kommuniserer godt med øvrig leiing, tilsette og ulike fagmiljø
  • brukar tilbakemelding frå kunde/brukar til å forbetre kvaliteten på teneste og prosess
  • gir retning og motiverer andre til samarbeid og samhandling

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande stilling i ein organisasjon i endring og vekst
  • Muligheit for å kunne påverke utviklinga i en viktig- og meiningsfull sektor
  • Eit godt tverrfagleg- og kompetent arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidsordning
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Sektor
Offentlig
Sted
5096 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 4021 Stavanger
  • 6800 Førde
  • 5527 Haugesund

Nøkkelord

Fagleder,, drift,, kompetanseutvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ørjan Andersen
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
95 43 64 62
Følg firma
827 følger dette firmaet

5096 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 267907283
Sist endret 5. aug. 2022 13:50

Rapporter annonse