Utløpt

Meona systemforvalter/konfigurator

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Meona systemforvalter/konfigurator
Frist
29.08.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Bak alle dei lysande skjermane og store, viktige systema som hjelper til å halde sjukehusdrifta i gang står Helse Vest IKT. Vi forvaltar faktisk både dei kliniske og administrative systemløysingane for alle sjukehusa og andre helseføretak i Helse Vest. Vi er ei av dei største IT-verksemdene i Vest, men fokuset vårt er alltid Pasienten.

I katalogen vår har vi alt frå komplekse regionale system, til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er særs kritiske i pasientbehandlinga, og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet. Vi står midt i mellom dei som lagar programvara, og dei som skal bruke den – vi er bindeleddet.

Det er difor viktig at våre forvaltarar/konfiguratørar både forstår og evnar å snakke sjukehus-språk på kundesida , og teknikar-språk frå våre leverandørar. Vi verdsett relasjonsevner høgt i rekrutteringa av våre medarbeidere, og vi ser etter ein person som både tør å spørje for å forstå, som deler kunnskapen sin fritt, men som òg tør å ta initiativ og styring når det skal til.

Seksjon Journalsystem har forvaltingsansvar for fleire av dei store regionale systema våre, herunder Meona kurveløysing. Meona er ei heilskapleg løysing som dekker kurve og legemiddellogistikk og omfattar dei fleste kliniske einingar og fagområder i Helse Vest. Løysinga dekker den funksjonalitet som papirkurver omfatta tidlegare. Løysinga omfattar også lagerhald for legemidlar på sjukehuspostane og bestilling av legemidlar fra sjukehuspostane til sjukehusapotek. Meona er integrert med fleire andre kliniske løysinger slik som PAS/EPJ, lab og apoteksystem. I hovedsak jobbar vi mellom anna med endringshandsaming, planlegging og gjennomføring av oppgraderingar, system- og prosessforbetring, tett dialog med leverandørane våre, og 3. linje saksbehandling (mot leverandør) når all anna brukarstøtte ikkje strekk til.

En av våre flinke medarbeidere beveger seg no vidare internt i Helse Vest IKT så vi er på jakt etter ein god erstattar. Vi ser etter deg som har teknisk bakgrunn, enten innanfor IKT eller helsefag, som trivst i digitale løysingar, og som har eit engasjement for vidareutvikling av løysingar ved hjelp av teknologi og dialog. Erfaring frå helsetenesta tel positivt.

Er du usikker på om du har alle kvalitetane vi ser etter, vil vi gjerne vere dei som avgjer det – send oss søknaden din uansett!

 

Arbeidsstad: Bergen, Stavanger, Haugesund eller Førde     

Arbeidsoppgåver

  • Forvalting og vidareutvikling av dine system:
    • Konfigurasjon og oppsett
    • Vidareutvikling av løysinga
    • Vere tolk og bindeledd mellom leverandør og kunde (sjukehus)
    • Ha 3. linje-rolla, vere siste støtteinstansen før saka går over til leverandør
    • Både forstå systemet og funksjonaliteten, og sjå samsvaret med behovet til kunden
    • Sakshandsaming, både brukarstøtte og anna dokumentasjon
  • Kvalitetssikring og kvalitetsforbetring
  • Fungere som knutepunktet mellom oss, leverandørar og andre eksterne, og helseføretaka.
  • Organisere testing i samband med nye utrullingar og oppgraderingar, utprøving av prosessar.
  • Du vil óg få høve til å bistå inn i større og mindre prosjekt i Helse Vest-portefølja

Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT og/eller helsefag
  • Erfaring med forvalting av IKT-system og -løysingar vil vere positivt
  • Klinisk kompetanse og erfaring er ein fordel
  • Teknisk kompetanse, erfaring og forståing
  • Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel
  • Evne til å formulere seg godt skriftleg og munnleg på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • God sosial kompetanse - du ser alle sine behov og klarer å formidle det som skal til 
  • Tverrfaglegheit - du likar å tileigne deg ny kunnskap og ta tak der det trengst
  • Tydeleg - du har ikkje telefonskrekk, frykt for å ta ordet, eller vere ærleg om det som manglar
  • Overblikk for detaljar - du er løysingsorientert og feilsøkande, men har evna til å løfte blikket og sjå heilskapen
  • Smittsam personlegdom - i ein pressa situasjon klarer du å få fram det positive, og få frustrasjon til å verte løysingsjakt

Vi tilbyr

  • Ein trygg arbeidsstad, med ryddige arbeidstider og gode pensjonsordningar
  • Deltaking i eit av dei mest kompetente IKT-miljøa på vestlandet
  • Gode utviklingsmogelegheiter, både kompetansemessig og karrieremessig
  • Inkluderande, kunnskapsrike kollegaer som alle jobbar for det felles beste
  • Ein plass i vårt team, der du vil verte løfta fram som du sjølv vil
  • Fleksibel og moderne arbeidstidsordning 
  • Moderne maskinvare og utstyr

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 600 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 77, 5053 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 4021 Stavanger
  • 6800 Førde
  • 5527 Haugesund
Bransje
IT

Nøkkelord

Forvaltning, prosjekt, IKT

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frode Nilsen
Stillingstittel
Seksjonsleder
Telefon
92 26 53 56
Følg firma
825 følger dette firmaet

Jonas Lies vei 77, 5053 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 267906378
Sist endret 5. aug. 2022 13:44

Rapporter annonse