Utløpt

Rådgjevar jordbruk

Arbeidsgiver
NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING VEST SA
Stillingstittel
Rådgjevar jordbruk
Frist
28.08.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING VEST SA

Brenner du for landbruket og har ynskje om å være ein framtidsretta rådgjevar?

Grunna god tilgang på oppdrag søker NLR Vest etter rådgjevar i 100 % stilling innan fagområdet grovfôr. Stillinga skal dekke rådgjeving i Nordfjord/Sunnfjord, med kontor på Sandane.

Hovudoppgåva for stillinga er individuell rådgjeving i jord- og plantekultur til medlemane i NLR Vest. NLR Vest vil styrke nye fagområde, og ynskjer søkjar med interesse for og kompetanse også innan klimarådgjeving og sirkulærøkonomi.

Rådgjevaren blir tilslutta Faggruppe jordbruk, og vil arbeide i eit offensivt landbruksfagleg miljø med rådgjeving, kursverksemd, informasjon og kunnskapsutvikling. NLR Vest tilbyr bøndene tett oppfølging og rådgjeving, med fokus på god agronomi, miljø- og klimavenleg produksjon. Rådgjevarane i NLR Vest skal vere gode støttespelarar for medlemane, slik at dei oppnår eit godt økonomisk resultat i gardsdrifta.  

Søkjar med lite eller ingen praksis som rådgjevar, får tilbod om opplæring og oppfølging.

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving og informasjon til medlemane våre
  • Utvikle rådgjevingstilboda i regionen saman med andre rådgjevarar og samarbeidspartnarar
  • Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk
  • Utarbeide gjødselplan og jordprøvetaking
  • Vere oppdatert på siste nytt innan aktuelle fagområde

 Vi tilbyr:

  • Variert og utviklande arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa
  • Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning
  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 Vi ynskjer medarbeidar med:

  • God kunnskap og kompetanse innan jord- og plantekultur, spesielt grovfôrdyrking
  • Universitets- eller høgskuleutdanning innan agronomi/plantevitskap, gjerne med praktisk erfaring
  • Interesse for å utvikle landbruket i regionen
  • Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd.

Om arbeidsgiveren

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er eigd av omlag 4000 medlemar og er størst innan landbruksfagleg rådgjeving på Vestlandet. Vi skal vere bonden sitt fyrsteval på rådgjeving. Vi har rådgjevarar med spisskompetanse på dyrking av gras, frukt, bær, potet og grønsaker, i tillegg fleire spesialrådgjevarar innan fagområda byggteknikk, økonomi, helse, miljø og sikkerheit.

Sektor
Samvirke
Sted
Krånavegen 5, 6822 Sandane
Bransje
Jordbruk og skogbruk,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Agronom,
Rådgivning

Nøkkelord

rådgiver, landbruk, grovfor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Fredrik Fjose
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
90 54 07 85
Kontaktperson
Dag-Arne Eide
Stillingstittel
Fagleiar jordbruk
Mobil
95 81 27 90
Følg firma
68 følger dette firmaet

Krånavegen 5, 6822 Sandane

Annonseinformasjon

FINN-kode 267294725
Sist endret 13. sep. 2022 14:12

Rapporter annonse