Formidlar
ViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS
- Frist 10.12.2023
- Ansettelsesform Vikariat
ViteMeir søkjer formidlingshelt
Vil du vere med å skape verdas beste naturfagstime? Som formidlar hos oss har du ein arbeidskvardag der du får bidra til at born og unge får auka interesse for realfag, naturvitskap og teknologi. Er du ein entusiastisk og leiken formidlar som byr på deg sjølv? Då kan det godt vere det er deg me ser etter.
Tilsetjingsform:
Vikariat frå 1. april 2024 til 30. juni 2025
Arbeidsoppgåver:
Som formidlar vil du vere med å ta imot ulike grupper, alt frå barnehagar til vidaregåande skular og fritidsgjestar. I tillegg vil du vere med å:
- Gjennomføre praktiske læringsopplegg
- Besøke skular gjennom «ViteMeir på hjul»
- Utvikle og halde vitenshow
- Delta i anna formidlingsaktivitet på ViteMeir som arrangement og aktivitetar
Me tilpassar oftast arbeidsoppgåver utifrå kvar enkelt sine styrkar, difor ønskjer me at du skriv litt om interessene og erfaringane dine i søknaden. Er du til dømes glad i å programmere? Likar du å lage innhald til SoMe? Eller kanskje du er ein ekspert på å løyse Rubiks kube? I denne jobben kan alt mogleg vere relevant.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Er/har du:
- pedagogisk kompetanse eller erfaring med formidling?
- sans for realfag?
- praktisk anlagt?
- ein ryddig og strukturert lagspelar?
- sjølvgåande, lettlært og uredd?
- meistrar godt både norsk og engelsk?
- førarkort klasse B. Det må påreknast noko reising i arbeidet.
ViteMeir tilbyr:
- Ein unik sjanse til å vere med å forme og utvikle innhaldet i vitensenteret
- Allsidig og triveleg arbeidsplass i stadig utvikling
- Kreativt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
- Ein kvardag der du kan få nytte eigne interesser i arbeidet
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Heltestatus
Søknad
Send CV og søknad til jobb@vitemeir.no
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Ein av våre formidlarar skal ha permisjon, og i vikariatet som formidlingshelt får du moglegheit til å bidra inn i ein spennande arbeidsplass i eit kreativt og kompetent team. Dei tilsette ved ViteMeir utgjer om lag 15 årsverk. Senteret skal vere ei drivkraft i regionen i tett samhandling med mellom anna barnehagar, skular og næringsliv.
- Sektor: Privat
- Sted: Skarpteigvegen 2, 6854 Kaupanger
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Geologi/Fysikk/Kjemi, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Formidling, Programmering, Realfag, Pedagog, vitensenter
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 264502594
- Sist endret



