Utløpt

Ungdomsleiar i Time

Arbeidsgiver
Time kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Ungdomsleiar i Time
Frist
01.08.2022
Ansettelsesform
Fast
Time kyrkjelege fellesråd utgjer Bryne, Time og Undheim sokn. Det bur om lag 18.600 innbyggjarar i Time kommune med Bryne som administrasjonssenter. Felles kyrkjekontor ligg på Bryne, som er skule- og handelssenter på Jæren. Staben ved Time kyrkjekontor utgjer om lag 20 tilsette.

Ønskjer du ei utfordrande og nytenkjande stilling i Den norske kyrkja? Er du ein pådrivar som liker å ta initiativ? Ønskjer du å jobbe med ungdom og kan tenkje deg å driva ungdomsarbeid på Jæren?
Kanskje er du den vi leitar etter og vil ha med på laget.

Kyrkjelydar i Bryne, Undheim og Time har eit spanande samarbeid og søkjer ungdomsleiar i 100 % stilling. Stillinga er fordelt med 60% i Bryne, 25% i Time/Lye og 15% i Undheim. Du vil ha hovudansvar for arbeidet i Bryne, og ei mentorrolle overfor ungdomsarbeidarane i Time og Undheim. Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer å arbeida med kyrkjelydsutvikling blant ungdom i Den norske kyrkja.


Arbeidet til ungdomsleiaren har som mål å vidareutvikle det kyrkjelege tilbodet for ungdom i kyrkjene i Time, Undheim og Bryne. Vi er på leit etter deg som ønskjer å driva relasjonsbygging med målgruppa, frivillige og tilsette medarbeidarar i kyrkjelydane. Vi er på leit etter ein leiar med god gründerånd - ein som kan samordna og styrkja arbeidet vi nå driv, og samstundes tenkja nytt om korleis driva ungdomsarbeid i Den norske kyrkja i og på tvers av kyrkjelydane.


Ungdomsleiar vil vera ein del av Brynestab, og dagleg leiar i Bryne har personalansvaret.


Den som blir tilsett, må vera medlem av Den norske kyrkja. Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetjing, jamfør Arbeidsmiljølova § 13.3.
Vitnemål, attestar og referansar må kunne leggjast fram.
Tidspunkt for oppstart etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • vidareutvikle det kyrkjeleg tilbodet
    med og for ungdom
  • leiartrening og medvandring
  • forkynning og undervisning
  • delta i konfirmantarbeidet
  • rekruttering og oppfølging av frivillige
  • oppfølging av ungdomsarbeidarar i
    kyrkjelydane
  • styrkje samarbeidet mellom
    ungdomsarbeida i dei 3 kyrkjene
  • andre oppgåver i kyrkjelydane etter avtale og ønskje

Personlege eigenskapar

  • glad i ungdom – glad i Jesus
  • engasjert og initiativrik
  • fleksibel og løysningsorientert
  • inspirator som kan følgja opp unge og vaksne medarbeidarar i kyrkjelydane
  • strukturert med evne til å planlegga langsiktig
  • kunna arbeida sjølvstendig og i team
  • det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • lønn etter avtale
  • triveleg stabsfellesskap på Time kyrkjekontor
  • medlemskap i KLP
Sektor
Offentlig
Sted
Erlandsbakken 6, 4340 Bryne

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunnar Bjorland Stone
Stillingstittel
kyrkjeverje
Telefon
40 60 10 79
Kontaktperson
Jostein Aarbakke Tollaksen
Stillingstittel
dagleg leiar/kyrkjelydsutviklar
Telefon
90 98 88 80
Følg firma
171 følger dette firmaet

Erlandsbakken 6, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 263944624
Sist endret 1. jul. 2022 09:51

Rapporter annonse