Utløpt

Psykolog/psykologspesialist

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykolog/psykologspesialist
Frist
17.07.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Det er ledig 100 % fast stilling som psykolog /psykologspesialist ved Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda.

Stillinga er knytt til Allmennteamet og ACT.

Ambulantseksjon er ein av tre seksjonar underlagt DPS Volda. Opptaksområdet er heile Søre Sunnmøre. Ambulantseksjon arbeider med tverrfagleg heimebehandling og utgreiing til pasientar som er over 18 år. 

Teama er tverrfagleg samansett med psykiater, sosionom, vernepleiar, sjukepleiar mfl.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
  • Relasjonsbygging med både pasientar og kollegaer
  • Vere ein viktig del av eit tverrfagleg team
  • Psykologiske vurderingar, diagnostisering og behandling
  • Samarbeid med ulike faggrupper
  • Eksternt samarbeid og undervisning
  • Samtalar med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Psykolog eller psykologspesialist med norsk autorisasjon, psykolog eller psykolog på lisens som fører til autorisasjon kan også søke
  • Fordel med relevant spesialisering/jobberfaring frå arbeid med rus og/eller psykisk helse
  • Fordel med erfaring frå tverrfagleg/tverretatleg samarbeid
  • Erfaring frå rettleiing og undervisning
  • Ønskeleg med behandlarerfaring
  • God evne til samarbeid vert vektlagt
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og gode norskferdigheiter både munnleg og skriftleg
  • Å vere personleg eigna vert tillagt stor vekt

Personlege eigenskapar

  • Du er ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
  • Du likar å bidra til kompetanseutvikling
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Ved tilsetting vil ein legge vekt på gode eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Rekrutteringstillegg
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Dragsundvegen 11, 6080 Gurskøy

Nøkkelord

psykolog, psykologspesialist, Helse, Møre, og

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ottar Eiksund Røyset
Stillingstittel
Seksjonleiar
Telefon
97 79 73 73
Følg firma
208 følger dette firmaet

Dragsundvegen 11, 6080 Gurskøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 263692087
Sist endret 28. jun. 2022 18:04

Rapporter annonse