Utløpt

IT brukarstøtte

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
IT brukarstøtte
Frist
12.07.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg

IT-seksjonen søker etter ein ny medarbeidar på brukerstøtte. Teamet du går inn i består for tida av 5 dyktige personar. Hovudfokus i stillinga er førstelinjesupport til våre ca. 1500 IT-brukarar. Som første kontaktpunkt ved tekniske problem er det viktig at du både er serviceinnstilt og løysningsorientert. Du må vere trygg med telefonen som arbeidsverktøy, og dessutan takle ein hektisk kvardag. Vi har nyleg innført Servicenow som supportverktøy, og er i innføringsfasa av relevante Support Management prosessar. Erfaring frå Servicenow og interesse for kontinuerleg prosessforbetring for å yte best mogeleg support for våre kundar vil bli vektlagt. Arbeidsstad er Harstad. Noko reiseverksemd må påreknast.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i offentleglova – jamfør særleg offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no

Arbeidsoppgåver

  • Løyse problem for og rettleie våre brukarar/kundar på ein rask, effektiv og serviceorientert måte
  • Ta imot, registrere, klassifisere og prioritere førespurnader, både på telefon og i vårt supportsystem
  • Vidareutvikling og forbetring av prosessar, dokumentasjon og rutinar
  • Delta i prosjektarbeid ved behov
  • Andre oppgåver som naturleg høyrer inn under fagområdet   

Kven ser vi etter?

På IT brukarstøtte må du vere serviceinnstilt og løysningsorientert. Vi ser etter deg som jobbar godt sjølvstendig, og som er opptatt av å drive grundige og profesjonelle prosessar. Du taklar høgt tempo og ser til at arbeidet ditt blir gjennomført på ein effektiv og strukturert måte. Du er omgjengeleg, serviceorientert og samarbeider godt med andre. Det er også viktig at du kommuniserer godt både med de du yter service til og andre samarbeidspartnarar. 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev IKT-servicefag eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • 2 års erfaring eller meir innan IT-support
  • God basiskunnskap innan Active Directory, Windows-plattformen, Citrix og M365
  • Fordel med erfaring frå graderte/høysensitive plattformer
  • Fordel med erfaring frå bruk av supportsystem, inkludert korleis dette kan brukes for å forbetre kundesupprt og prosessar
  • Fordel med erfaring frå oppkobling og support på møteromsutstyr 
  • Flytande norsk og gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg  
  • Stillinga krev at kandidaten må kunne bli tryggingsklarert opp til Hemmeleg/NATO Secret

Kvifor jobbe hos 

I Forsvarsbygg vil du få ein spennande og variert arbeidskvardag med eit meiningsfullt samfunnsoppdrag der du vil bidra til å bygge forsvarsevne kvar dag. Vi satsar på medarbeidarane våre, vi tilbyr kursing, etter- og vidareutdanning.. Vi har ein familievennleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar. Du vil også få tilgang til treningsrom og bedriftsidrettslag med varierte aktivitetar. Som tilsett hos oss får du medlemskap i Statens pensjonskasse som har ein av dei beste pensjonsordningane i landet med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar

Andre opplysningar

  • Stillinga blir lønna som førstekonsulent (kode 1408) frå 485 500,- til 544 400,- (lønnstrinn 52 - 59)
  • Vi ber om at du lastar opp vitnemål og karakterutskrift i søknaden din
  • Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter søknadsfristen har gått ut. Dersom du ber om å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste må du grunngi dette. Du blir varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge

Om arbeidsgiveren

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi kan for eksempel legge til rette med tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Sted
6. Divisjons gate 12, 9406 Harstad
Bransje
Eiendom,
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / IT-support,
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations

Nøkkelord

IT, Brukerstøtte, Support, Telefon, Mail

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Geir Bøgner
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
41 30 91 26
Følg firma
3066 følger dette firmaet

6. Divisjons gate 12, 9406 Harstad

Annonseinformasjon

FINN-kode 263668421
Sist endret 28. jun. 2022 13:52

Rapporter annonse